FoU-prisen blir delt ut tysdag

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Alle er velkomne til å vere med på avsløringa av prisvinnaren. I tillegg til sjølve prisutdelinga blir det kunstnarleg innslag, og etterpå vert det servert fingermat.

Det er Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda i fellesskap som deler ut prisen. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.

fet_pris2006

Prisen vart for første gong delt ut under Forskingsdagane i fjor, og  då gjekk den til litteratur- og kulturforskaren Jostein Fet.

- Eg set stor pris på merksemda, men neste gong kan de kanskje finna ein ung forskar til prisen, sa Fet med eit smil og takka kollegaer for det gode miljøet ved Høgskulen.

Bildet viser prisvinnaren framfor utstillinga som biblioteket hadde laga om arbeidet til Fet.

Del på