FoU-prisen til førstelektor Reidun Aambø

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Reidun Aambø er av dei mest produktive forskarane og formidlarane ved Institutt for språk og litteratur.

Ho har ei svært stor breidde i forskingsproduksjonen sin, og har skrive for både lek og lærd. Ho har vore redaktør for og skrive eigne artiklar som presenterer forskinga hennar i fagbøker som når eit smalare fagorientert publikum t.d. i boka Litteraturmøte (1999).

I samband med dette har ho hatt eit utal papers og inviterte  innlegg på forskarkonferansar i innland og utland. Her presenterer ho nybrotsarbeid innanfor feltet litteratur av og for innvandrarar/ minoritetsspråklege. Fleire av artiklane der, både hennar eigne og andre, har funne vegen til pensumlister innan høgre utdanning. Som lærar på NIS (før NUS) i 25 år har ho lese og retta tekstane til studentar frå snart 100 ulike land, og ho har interessert seg for deira møte med den norske akademiske skrivekulturen. Dette har ført til fleire konferanseinnlegg og eit bokkapittel om korleis ein kan førebu utanlandske studentar på den skrivekulturen som dei vil møte på fagstudia.

Aambø har også vore redaktør for boka Typisk norsk å være uhøflig?, som kom i 2005. Boka er kanskje retta mot eit breiare publikum, men også her har redaktørens innleiingskapittel, omsett til fleire språk som t.d. kinesisk og swahili, funne vegen til fleire pensumlister. I samband med boka har Aambø vorte invitert til å halde føredrag mange populære tilstellingar som t.d. japansk-norsk foreining i Tokyo, folkemøte, næringsforeiningar og helsevesenet , så vel som meir fagleg prega seminar og konferansar. Boka har vekt så mykje allmenn interessa at Aambø fleire gonger har vorte intervjua  i riksdekkande medium som t.d. Aftenposten og NRK.

Kina spelar ei stadig viktigare rolle i verda. Aambø har  gjort mykje – heilt på eiga hand – for at ein skal forstå Kina og kinesarar betre, - og ikkje minst: for at kinesiske studentar i Noreg skal finne seg til rette i studiekulturen vår. «Kina-prosjektet» til Aambø er stort og mangfaldig, det har ført til forsking -  som igjen har ført til innlegg på konferansar og seminar i akademia, men også til besøk på den kinesiske ambassaden i Oslo. Der fekk ho presentere ei «innføringsbrosjyre» ho har skrive om det å vere student i Noreg, særleg retta inn mot kinesiske studentar. Denne brosjyren sender den kinesiske ambassaden til studentar før dei reiser til Noreg. Igjen ser ein korleis Aambø kombinerer det praktiske, jordnære og populære med høg forskingskvalitet.

FoU-prisen for 2016 vert delt ut i samband med opninga av Forskingsdagane 2016 fredag 23. september 2016 kl. 11.00.

Les meir om FoU-prisen ved HVO.

Del på