FOU-prisen til Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK)

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

822f7250d98a266d07e4878d552daffad251cf5a
Per Magne Aadnanes og Jan Ove Ulstein, to representantar frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK).

I dag publiserer alle tilsette ved instituttet vitskapleg. Gjennom støtte, entusiasme og gode samarbeids­modellar blir yngre og mindre erfarne forskarar dregne inn i eit produserande fellesskap. Forumet FAKK er instituttet sitt månadlege forskar­seminar. Der blir alle tilsette inviterte til å leggje fram tekstar i ulike stadium av prosessen fram mot publisering. Seminaret har fungert i over 20 år, og det har vore svært viktig for å inkludere nye i forskings­miljøet.

Instituttet oppretta i 2001 skriftserien «Kyrkjefag profil», og i år kjem utgjeving nr. 20. RLK-forskarar er også aktive i samarbeid med kollegaer frå andre institusjonar – m.a. som redaktørar for vitskaplege antologiar og tidsskrift.

Dei siste åra har RLK sett i gong forskings¬prosjekt som involverer fleire av dei tilsette. «Secular Norway – religious USA» er eit samarbeid med Historisk institutt ved HVO og St. Olaf College, Northfield, Minnesota, og studentar frå mastergraden i kulturmøte er òg med.

Dette gjev eit bilete av eit produktivt og godt fungerande FoU-miljø som har medverka med fagleg tyngde både nasjonalt og internasjonalt.

Det er andre gongen at eit fagmiljø får FoU-prisen ved Høgskulen i Volda. Første gongen var i 2011. Då fekk Historisk institutt prisen.

Del på