FoU-prisen til internasjonalt, tverrfagleg prosjekt om medieforsking ved AMF 2004-2014

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

3701b1de27be7a2c1e739d980fbd4a62

Henrik G. Bastiansen, Rolf Werenskjold og Erling Sivertsen, sentrale fagpersonar i forskingsprosjektet.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at prosjekta har gjeve tilbod om deltaking på ulike faglege nivå med felles målsetting om kompetanseheving: Prosjekta har vore tverrfaglege med ei internasjonal og konferanseorientert tilnærming, og har vore med på å byggje opp og delta i både eit nasjonalt og eit internasjonalt forskarnettverk.

Prosjektgruppa leia ei eiga arbeidsgruppe under den Nordiske medieforskarkonferansen i 2013, og skal i 2014 arrangere ein stor internasjonal forskarkonferanse («Media and the Cold War») i Volda med deltakarar frå ei lang rekke land – på tvers av det tidlegare jernteppet. Avdeling for mediefag har også tidlegare arrangert ein liknande forskarkonferanse i Volda (2008) – då om media og protestar.

Det internasjonale forskingssamarbeidet ved Avdeling for mediefag har ført fram til omfattande vitskapleg publisering, både nasjonalt og internasjonalt. Erling Sivertsen og Rolf Werenskjold var i 2014 medredaktørar av antologien «Media and Revolt», og kaldkrigs-prosjektet har fleire antologiar på engelsk under produksjon. Føremålet med dei ulike prosjekta har vore å utvide forskingsperspektiva frå norske medium til internasjonale forhold, medverke til å internasjonalisere forskinga og til å publisere internasjonalt.

Fleire fagpersonar både ved Avdeling for mediefag og andre avdelingar ved HVO har delteke i prosjektet. Dei sentrale fagpersonane som har leia forskingssamarbeidet, har vore Henrik G. Bastiansen, Erling Sivertsen og Rolf Werenskjold. 

FoU-prisen for 2014 vert delt ut i biblioteket fredag 19. september kl. 11.00. 

Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda

Del på