FoU-prisen til professor Tor Arne Haugen

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Haugen er ein ung forskar som i løpet av kort tid har oppnådd særs mykje. Han har ytt ein framifrå innsats for forskinga i Volda. Han har blitt professor, publiserer mykje, også internasjonalt og tek på seg mange verv. Han er såleis eit god førebilete for andre tilsette ved Høgskulen i Volda.

Haugen vart med ein fersk doktorgrad tilsett som førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda 1.8.2013. Knapt meir enn to år seinare fekk han opprykk til professor, og vart med det høgskulen sin desidert yngste professor, berre 35 år gammal. I grunngjevinga til den sakkunnige komitéen vart det lagt vekt på den omfattande vitskaplege publiseringa som Haugen allereie då hadde både i nasjonale og internasjonale tidsskrift på høgt nivå. I dei to åra som har gått sidan han fekk professoropprykket, har Haugen halde fram med ein omfattande vitskapleg produksjon, og han er tvillaust mellom dei mest produktive forskarane ved Høgskulen i Volda. Han har formidla forskings-resultata sine ved ulike nasjonale og internasjonale kongressar og seminar, og er dessutan leiar for Norsk forening for kognitiv lingvistikk (NORKOG).

I tillegg til denne omfattande og breie vitskaplege produksjonen, har Haugen gjort ein monaleg innsats for å stimulere og rettleie kollegaer i deira forskingsarbeid. Mellom anna starta han allereie som nytilsett førsteamanuensis ei forskingsgruppe for grammatikk ved det dåverande Ivar Aaseninstituttet som har bore frukter i form av vitskaplege publiseringar også for andre forskarar ved instituttet. Dessutan har han vore ein leiande aktør når det gjeld samarbeidet med Universitetet i Bergen om forvaltning av Språksamlingane, og vidare tilrettelegging for forsking med desse som grunnlag, noko som er ei strategisk viktig satsing for AHL og HVO. Haugen har også vore prosjektkoordinator for arbeidet med brukarrettleiinga for Norsk Ordbok.

FoU-prisen vert delt ut i samband med opninga av Forskingsdagane 2017 fredag 22. september 2017 kl. 11.00.

Les meir om FoU-prisen ved HVO.

Del på