Franskinspirert opning

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vårkonsertane til symfoniorkesteret opnar med arrangement av fransk musikk den 15. og 16. mars.
- Eg hadde ei fin studietid i Volda og saknar studiestaden, fortel Jorunn Lovise Husan (23). No gled ho seg over å vere invitert tilbake til Volda som solist. Ho tok storfag i musikk ved Høgskulen i Volda, samstundes som ho song i kora Skruk og Kanuttebertene. Husan spelte også 2.fele i symfoniorkesteret.
Avisa Møre gav Husan god førehandsomtale, og la samstundes vekt på statusen som symfoniorkesteret har fått sidan starten i 1947.
Dirigent Helge Hamsaas og musikaren Svein Johann Ose har mellom anna rekonstruert og tilpassa dei franske perlene frå arrangement av Egil Monn Iversen.

Einaste høgskule med symfoniorkester

symfoni
Takka vere eit solid musikkmiljø, er Høgskulen i Volda den einaste høgskulen i landet med eige symfoniorkerster.

Symfoniorkestert har hatt kontinuerleg drift sidan oppstarten i 1947. Høgskulen i Volda er einaste høgskulen i Noreg som kan skilte med eige symfoniorkester, noko som understrekar musikkmiljøet rundt høgskulen. Saman med delar av musikkmiljøet i Ørsta og Volda, rekrutterer Symfoniorkesteret både mellom lærarar og studentar ved høgskulen. Desse eldsjelene har sett opp eit stramt program, men fransk musikk førstkomande helg, og familiemusikk siste helga i mars.

Del på