Gamle menn i nye roller

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulelektor Anne-Sofie Egset står bak studien. Ho er studieprogramansvarleg for "Miljøterapi i demensomsorga" ved høgskulen. I studien får vi høyre historiene til nokre av mennene og deira barn, og korleis dei opplever kvardagen med ei kone og mor med demens. Alle mennene i studien er over 80 år.

I møte med enkeltpersonar
I studien skriv Anne-Sofie Egset mellom anna om korleis "Johannes Hansen" legg all sin flid i å servere mat som Petra likar, og korleis han kjempar for at ho framleis skal få bu heime. Vi møter og "Arnulf Nilsen", som i ein alder av 90 år har eit stort ansvar for kona si, og dagane går med til å stelle for henne. "Erling Holte" seier at den verste dagen i livet hans var den dagen han måtte sende "Hanna" på sjukeheim. "Tore Bøe" besøkjer "Mari" kvar dag på sjukeheimen, og er ganske prega av at han heile tida får skulda for at "Mari" er der mot sin vilje.

– Menn må i godt vaksen alder gå gjennom ei rolleendring for å yte omsorg for ektemaken. Vi får eit godt innblikk i dette når Erling Holte fortel korleis han lærde å lage mat og stelle i huset den første tida kona hans var sjuk. Utan at ho visste det, var ho læremeister for mannen sin, fortel Egset.

I rapporten kan vi lese utdrag frå det Erling Holte seier: "Du skjønar, då eg merka at ho ikkje lenger meistra ... då tok eg til å lære ... Ho lærde meg opp utan at ho visste det ... både matlaging og vaske kle. Eg passa på så ho ikkje skulle forstå det. Ho var så flink med alt slikt etter å ha jobba meir enn 20 år som pleiar ... På den måten lærde ho meg. For når eg forstod at eg måtte lage maten, så ville eg lære det ..."

Openheit kring demens
Menneske som blir ramma av demenssjukdom, er prisgitt nærpersonane i miljøet rundt. Mange pårørande gjer ein stor innsats for at dei sjuke skal ha eit godt liv. Demens er ein sjukdom som ofte har vore forbunde med skam, og som det har vore vanskeleg å snakke om. At dei som sjølve er ramma set ord på korleis dei opplever kvardagen, kan føre til at vi får eit meir ope samfunn der det er større rom for personar som er litt annleis.

– Slik kunnskap bør vere med når ein skal planleggje demensomsorga i kommunane, seier Egset.
– Livsvilkåra for demenssjuke er avhengig av korleis dei blir sett og høyrt, at dei har eit verdig liv trass i alvorleg sjukdom. For at nærpersonane skal makte å ha omsorg for dei som vert sjuke, er det avgjerande at dei forstår kva som skjer.

Del på