Gerd Sylvi Steinnes har disputert ved HiOA

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

8f7619d6637e38fb3657b38e6354d73dGerd Sylvi Steinnes (t.v) og rektor ved HiOA, Kari Toverud Jansen, under prøveforelesninga "Profesjonelt skjønn i barnehagen. Kva er det og korleis kan det utviklast gjennom utdanning? Kva er samanhengen mellom profesjonelt skjønn og kvalitet i barnehagen?".

Avhandlinga handlar om førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane. Førskulelærarane arbeider i eit felt som er statleg regulert, men der mange av arbeidsoppgåvene liknar på oppgåver som vert gjennomført i dei fleste heimar med barn. Skiljet mellom det profesjonelle og det private kan difor vere uklart.

Avhandlinga konkluderer med at barnehagen er prega av lite differensiert arbeidsdeling mellom førskulelærarar og assistentar. Dette, kombinert med korleis dei ulike gruppene vurderer eigen og kvarandre sin kompetanse, bidreg til manglande synleggjering av førskulelæraren sitt særskilde kunnskapsgrunnlag. Avhandlinga har likevel identifisert nokre arbeidsoppgåver der førskulelærarane ser ut til å ha eit tilnærma monopol på ansvar. Utfordringa er at desse er tidsmessig marginale aktivitetar og at symbolverdien difor er avgrensa. Det er vanskeleg å sjå konturar av ein sterk, fagleg kunnskapsbase blant førskulelærarane når vi analyserer surveydata. Intervjumaterialet viser likevel at utdanninga har gitt utvida teoretisk forståing som grunnlag for refleksjon over praksis. Denne kunnskapen er lite synleg for andre og må difor artikulerast for at andre skal få innsyn i den. Dersom førskulelærarane underkommuniserer eigen kunnskap og vurderer assistentane som like kompetente som dei sjølve, undergrev dei sin eigen posisjon. Førskulelærarane må difor sjølve ta ansvar for profesjonen. Avhandlinga konkluderer med at førskulelærarane sin profesjonalitet står under press ved at dei på den eine sida skal vere garantistar for kvalitet i barnehagetilbodet, og som del av dette må bidra til å styrke assistentane sin kompetanse, samtidig som dei i eit profesjonsperspektiv må verne om profesjonen sine grenser om dei skal lukkast med å styrke førskulelærarane sin status. Dette presset vert aktualisert gjennom samansetjinga av personalet og barnehagen si heilskaplege organisering, der omsorg og læring er integrerte prosessar. Det er også eit resultat av ein overordna diskurs om kva som er viktig kompetanse for å gjere ein god jobb i barnehagen, representert gjennom kva Lov om barnehagar definerer som nødvendige profesjonelle kvalifikasjonar for arbeidet.

da3f8d0902315669a202ded390d0b605
Kommisjonsmedlemmene (f.v) Bente Abrahamsen, Monica Seland, Thomas Moser, doktoranden og Kari Toverud.

d4850e399a336e0a2c8b7afd20c3a214
Doktoranden etter disputasen.  

Gerd Sylvi Steinnes er tilsett ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

På heimesida til Høgskolen i Oslo og Akershus finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Gerd Sylvi Steinnes.

Del på