Gjesteforeleseing

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Tid: Onsdag 17. juni kl. 1215-1500
Stad: Berte Kanutte-huset, seminarrom 157

Fredrik W. Thue (f. 1965) er forskingsstipendiat i historie ved Universitetet i Oslo. Interessefelta hans er særleg vitskaps- og lærdomshistorie, eller intellektuell historie i vid forstand. I hovudoppgåva frå 1992 undersøker han norsk samfunnsforsking som etterkrigsprosjekt, ved å rekonstruere forhistoria til det som i 1950 vart Institutt for samfunnsforsking. Denne studien dannar grunnlaget for boka Empirisme og demokrati (1997). I 1996 kom Univeristetet i Bergens historie, der Thue skreiv kapitlet om det humanistiske fagfeltets historie. Han har også vore bidragsytar til verket om norsk sakprosahistorie (1998). Det doktorgradsarbeidet han no arbeider med er knytt til feltet norsk samfunnsvitskap i etterkrigstida. Thue er ein engasjert og debattglad historikar, som mellom anna har medverka til ei vitalisering av diskusjonen om teoretiske og metodiske grunnlagsproblem i historiefaget.

-rb

Del på