Gjesteredaktør og bidrag i internasjonalt filmtidsskrift

Tekst: Per Straume , Foto: Professor Rolf Werenskjold.

- Oppdatert

Professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag er ein av to gjesteredaktørar når eit spesialnummer av tidsskriftet Journal of Scandinavian Cinema skal lanserast under De nordiske filmdagene i Lübeck 29. oktober – 3. november.

Journal of Scandinavian Cinema er eit av dei fremste filmtidsskrifta i Norden. Det er eit vitskapleg tidsskrift via utmerka forsking. Det har fokus på kino og film i Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige, både i deira nasjonale og nordiske samanhengar, samt deira transnasjonale tyding i ei globalisert verd.

Spesialutgåva av tidsskriftet, som Rolf Werenskjold er redaktør for saman med professor Tobias Hochscherf frå Høgskulen i Volda sitt samarbeidsuniversitet i Kiel, er via temaet spionfilmar i Norden. Werenskjold har skrive ein eigen artikkel i spesialnummeret som heiter German pressure: Spy films and political censorship in Norway, 1914-40. Artikkelen tek for seg det norske utanriksdepartementets rolle i ulovleg politisk filmsensur i Noreg i tida frå 1914 til den andre verdskrigen.

Werenskjold tek del i eit forskingspanel under De nordiske filmdagene i Lübeck, der det sentrale programmet handlar om spionasje og spionfilmar. Det er andre året på rad Volda-forskaren deltek i panelet. De nordiske filmdagene arrangerast for 61. gang.

Werenskjold var nyleg med på å gi ut boka Ekko fra Spania, les meir om den her.
 

Del på