God erfaring med samskriving

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For fagtilsette kan det vere utfordrande å kome gang i med forsking. Ingvild Sande Lillebø fekk med seg meir erfarne Ellen Lexerød Hovlid då ho skulle forske for første gang. 

Samarbeidet resulterte i publiseringa Foreldre og barn i sosiale medium – ein kommentar til HR-2019-2038-A. Artikkelen var den første for Lillebø og nummer elleve i rekka for førsteamanuensis Hovlid.

Den utfordrande oppstarten

– Det er vanskeleg å starte eit FOU-arbeid. Både når det gjeld val av tema og å spisse forskingsspørsmåla. Ikkje minst å avgrense tematikken. Det er også ei viss skrivesperre ein må forbi i starten, fortel høgskulelektoren.

I tillegg kan det vere utfordrande å bli kjent med særtrekka innan forsking på dei ulike fagfelta, meiner ho. Juridisk forsking har, som alle andre fagfelt, sine særtrekk. Lillebø seier ho hadde mykje å lære og var glad for å ha med seg Hovlid ut i det ukjente landskapet. – Sjangertrekk, metodar, format, kjeldebruk. Alt var nytt og då var det godt å ha Ellen der til å lære av og sparre med. 

Frå ide til skriving 

Lillebø har juristbakgrunn og tok til ved Høgskulen i Volda i 2018. Eitt av dei første råda ho fekk for å kome i gang med forskinga var frå ein jussprofessor i Bergen som råda ho til å analysere ein dom frå rettsvesenet og skrive om den. 

Ein dom frå Høgsterett som var aktuell i mediebiletet hausten 2019, fengja interessa til Lillebø. Dommen gjaldt ei mor som vart dømt for å ha utlevert sitt eige barn med bilde, videoar og dokument i sosiale medium. Det er frå tidlegare ingen kjente eksempel på at nokon er straffedømt for krenking av sitt eige barns privatliv for publiseringar i sosiale medium. 

Tematikken i dommen var inne i kollega Hovlid sitt fagfelt. Lillebø underviser innan planlegging og administrasjon, medan Hovlid er lærar for mediestudentar. Sjølv om dei er tilsett på ulike avdelingar, var dommen interessant for begge.  

Dei bestemte seg for å skrive ein vitskapleg artikkel saman. Den vart publisert seint i november, no er artikkelen også omtalt i ein eigen sak hos forskning.no, som har vorte mykje lest. 

La fram i forskargruppa 

Hovlid og Lillebø er med i Forskergruppa i juss ved Høgskulen i Volda. Dei la fram arbeidet sitt der, og fekk mange nyttige innspel. 

– Vi lagde ein struktur på korleis vi ville ha artikkelen først. Deretter fordelte vi arbeidsoppgåver og fekk kvart vårt å skrive om, fortel Hovlid.

– Då vart det med ein gang litt meir handfast og konkret kva vi skulle arbeide med og korleis, følger Lillebø opp.

Hovlid utfordra også kollegaen sin til å ta kontakt og holde dialogen med tidsskriftet dei skulle publisere artikkelen hos. Ein prosess som ikkje alltid er like beint fram.
– Det er ein heilt eigen gang i det. Først fagfellevurdering og så to rundar med korrektur. Det var ein prosess med mykje læring og eit gjevande arbeid, seier Lillebø. 

Læring begge vegar

Det er ord som gleder medforfattar Hovlid, som sit i Forskingsutvalet ved høgskulen. Dei arbeider mellom anna med å auke forskingspubliseringa ved HVO.

– Eg trur dette kan vere ein måte å gjere det enklare for tilsette ved høgskulen å forske meir. At ein med litt erfaring skriv saman med ein som ikkje er så erfaren. Det er så stor skilnad på å skrive artikkel nummer ein og nummer ti, elleve eller tolv, seier Hovlid og legg eit hardt trykk på «så».

– Eg er på ingen måte utlærd, men det blir litt lettare for meg neste gang, anten eg skal skrive aleine eller med andre, spår Lillebø. 

– Dette går begge vegar – det er det som er så bra. Eg får nye perspektiv og nokon å diskutere med, seier Hovlid.

Draghjelp i starten

Hovlid meiner erfaringsutveksling er viktig, særleg for dei som er nye i jobben i akademia.

– Det er veldig masse nytt ein skal lære når ein begynner å jobbe i dette systemet, både når det gjeld forsking, undervisning og administrasjon. Det skal vere lov til å vere ny i jobben, og då er det fint om dei meir erfarne vil hjelpe til litt. Eg gjer gjerne dette fleire gongar, også med andre, seier Hovlid. 
 

Del på