Gode eksamensresultat på tysk og norsk

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Motiverte studentar
Larsen fortel at ein i år har hatt svært interesserte og flittige studentar på grunnfaget.

-På landsbasis er det vanleg med 25-30% stryk, påpeikar Larsen.

Gode karakterar
Av dei som fullførte heile grunnfaget, fekk om lag halvparten "laud", m.a.o. karakteren 2,5 eller betre.

-Vi har alltid hatt gode resultat på tysk her i Volda,og eg trur at noko av forklaringa ligg i det nære forholdet vi arbeider for å få til mellom studentane og lærarane, seier instituttleiar Thor A. Larsen.

Gode resultat på norsk grunnfag
Dekanus ved Avdeling for humanistiske fag, Kjell-Arild Madssen, kan opplyse om tilsvarande gode resultat på norsk. - Vi har aldri hatt så gode resultat før, og med alle dei negative oppslaga ein har sett om dette frå høgskulesektoren i det siste, er dette veldig kjekt, seier han.



Del på