Grensesprengande program under Forskingsdagane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

9e3e8ac7f4497456395ae5a068203882
Her er Karen Brænne (f.v.), Janne Heggvoll og Åshild Sævik frå Pecha Kucha-arrangementet under Forskingsdagane i 2014.

Det er stikkord for berre tre av dei i alt 25 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) i år. Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg festival, som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 22. gong.

Mangfald

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Grenser».

– Det er ein enorm breidd i arrangementa våre i år. Vi ønskjer å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for barn, ungdom, vaksne og studentar, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

SJÅ PROGRAMMET FOR FORSKINGSDAGANE HER

Foredrag om Trump

Veit du kva bilete du juridisk sett har lov til å legge ut på Facebook eller i andre sosiale medium? Det får du svaret på under førsteamanuensis Ellen Lexerød Hovlid sitt foredrag under Forskingsdagane.

Donald Trump har med brask og bram sett sitt eige stempel på den amerikanske valkampen i år. Førsteamanuensis Alf Tomas Tønnessen er mykje brukt som ekspertkommentator i riksmedia i samband med valet. Han kjem rett frå ei forskingsreise i Mississippi til Forskingsdagane og vil drøfte den harde kampen mellom Trump og Hillary Clinton få dagar etter den første presidentvaldebatten mellom dei to kandidatane. Tønnessen skal også forklare valsystemet ved å samanlikne med det kontroversielle valet i år 2000.

Forskingsdagane samarbeider i år med animasjonsfestivalen Animation Volda. Dei fyller 10 år i år og har fått litt av eit trekkplaster i form av den nytilsette professoren ved høgskulen, Oscar-nominerte Peter Lord. Den verdskjende animatøren skal halde ei open illustrert tiltredingsforelesing, ei storhending som nok dei fleste animasjonsskular i verda misunner HVO.

Ulike uttrykksformer

I tillegg kan ein vere med å teste sine fysiske grenser gjennom intervalltrening på sykkel saman med høgskulelektor Elisabeth Innselset. Ho vil på førehand vise til forsking på området. Tradisjonen tru vert det også moglegheit til å vere med å på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting i Volda Bygdetun. På Rokken vil sju fagfolk halde kvart sitt korte foredrag på i underkant av sju minutt under arrangementet Pecha Kucha, som er eit japansk foredragskonsept.

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna foredrag, utstillingar, animasjonsfilm, dokumentarfilm, radiodokumentar, ulike musikalske former og høgmesse, seier ein godt nøgd Tangen.

Samarbeid lokalt og regionalt

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stadar i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein og Ålesund. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar, lag og organisasjonar.

– Det er vi svært takksame for, seier Tangen.

Mange av dei tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert mest mogleg.

– Alle dei fire avdelingane er representert og vi har om lag 40 fagpersonar frå høgskulen som bidreg. I tillegg har vi også høgskulens symfoniorkester og tidlegare masterstudentar med, seier Tangen.

Oppmoding frå rektor

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av det omfattande forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Innanfor temaet «Grenser» er det mange møtepunkt mellom arbeidsliv, næringsliv og organisasjonsliv i regionen og forsking ved Høgskulen i Volda. Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda, og eg håper resultatet blir mange spennande samtalar om fag og forsking, seier Roppen.

pressefoto

Pecha Kucha-arrangement 2014

Del på