Gudrun Kløve Juuhl ved Nynorsksenteret har disputert ved Universitetet i Oslo

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

3beba84b8f2956bc82d16101f75e54ee

Ungdom tek ordet og skriv i ulike digitale offentlegheiter i større grad enn nokon gong, men forskinga på ungdoms tekstar er i stor grad avgrensa til skulen.

I doktoravhandlinga I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar undersøkjer Gudrun Kløve Juuhl tekstar elleve 14-15-åringar har skrive på skulen og i fritida (bloggar, nettsamfunnstekstar, facebookkommentarar og liknande), og intervjuar dei om skriving i skule og fritid.

Interesseorienterte fritidskulturar som hip-hop, hest, blogging, emo/goth og andre subkulturar er retoriske skattekister, seier Kløve Juuhl: Dei er skular i kunnskapsorientert ordskifte og den felles interessa gjev ungdom grunnar til å ta ordet.

Ho åtvarar likevel mot å la ungdoms fritidsskriving på nette leggja premissane for skriving i skulen: –Dette tyder ikkje at ungdoms fritidsskriving er betre enn skuleskriving. Alle ungdomar deltek heller ikkje i slike miljø. For mange er skrivinga i sosiale medium fyrst og fremst ein måte å vere med vener på. Skriveideala i skulen har mykje felles med interesseorienterte fritidskulturar, men lite med den venskapsorienterte skrivinga.

I analysane av tekstane byggjer Kløve Juuhl på retorikk og dialogisme, og byggjer eit felles rammeverk for å analysera både skule- og fritidstekstar. Det vil også seia at ho ikkje ser eit prinsipielt skilje mellom skuletekstar som «inautentiske» og fritidstekstar som «autentiske».

Kløve Juuhl er tilsett ved Nynorsksenteret.

Les meir: På heimesida til Universitetet i Oslo finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Gudrun Kløve Juuhl.

Del på