Halse disputerte: Grundig og engasjerande om nynorsk kyrkjespråk

Tekst: Webmaster Volda

a453df48a19d0f59656220ed892f34a7f39db9eb

Per Halse saman med rettleiaren professor Berge Furre ved doktormiddagen på Kaffistova i Oslo.

Per Halse har freista finne ut både kvifor og korleis det nynorske kyrkjemålet voks fram. Eit særleg viktig arbeid var omsetjinga av Nytestamentet i 1880-åra, og det vert grundig granska i avhandlinga. I tillegg vert det presentert mange mindre kjende omsetjingar av katekisme-, salme- og bibeltekster til ulike former for landsmål. Studien legg vekt på å finne kva som motiverte dei sentrale aktørane. Halse hevdar at det var klassereiser og politisk radikalisme som gav kyrkja eit nytt og meir folkeleg språk. Dei som forma det nynorske kyrkjespråket var opne – både for korrigeringar av eigne arbeid og for at endringar i kyrkjelivet kan vere av det gode. Dei høyrde til på venstresida samstundes som dei søkte løysingar gjennom samarbeid.

96ad5df970211a75f441d9c3fd9e79ee9c9a4b06

Doktoranden Per Halse flankert av frå venstre leiar av vurderingskomiteen, professor Tarald Rasmussen, prodekan Aud Tønnesen som leia disputasen, opponentane førsteamanuensis Bjørg Seland og professor Hallgeir Elstad.

Det nye testamentet kom ut på norsk landsmål fyrste gongen i 1889. I 1892 vart nokre salmar av Elias Blix godkjende til gudstenestebruk, og i 1907 vart ei nynorsk Tekst- og altarbok autorisert. I grannelanda fekk svenskane Bibelen på sitt eige språk i 1526, danskane i 1550 og islendingane i 1584. Men kvifor gjekk det så lenge før nordmennene fekk høyre “om Guds storverk på sitt eige mål” (Apg 2, 11)? “Gjennem Salmebogen, Bibeloversættelsen og det hele litterære Apparat, som ledsagede Reformationen, er det Tydsk-Danske kommet ind”, skreiv presten og folkevisesamlaren M.B. Landstad i 1862.

Målsaka var lenge knytt til autoritetskritikk og fritenkjing, og difor var mange både i preste-skapet og i lekmannsrørsla skeptiske. Men fleire forkjemparar for nynorsk kyrkjespråk såg folkelege frigjering og målstrev som ein viktig del av kristenkallet.

Last opp det vitskaplege resyméet

Les om prøveførelesinga før disputasen

Del på