Her er dei to første doktorgradsstipendiatane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

9e66583b5802a1fdf16f5f27ef1801a9

No er det klart at ein student vert tilknytt Høgskulen i Volda og ein Høgskulen i Molde i ph. d.-studiet i helse- og sosialfag. Dei to høgskulane samarbeider om studiet som har eit planlagt løp på tre til fire år.

FAGLEG STYRKE

– Det er artig å kome i gong med noko nytt her i Volda. Det er ein styrke at vi har eit så godt samarbeid med Høgskulen i Molde. Dei har erfaring frå doktorgradsutdanning frå før, som vi kan dra nytte av. Det er også heilt klart ein fagleg styrke i samarbeidet. Og den samla professorkompetansen vi har er heilt fantastisk, synes Helga Synnevåg Løvoll, som er HVO sin administrative kontakt inn mot det nye doktorgradsstudiet.

Utdanninga har fått namnet "Helse- og sosialfag (fellesgrad). Profesjonsutøvelse mellom fag, bruker og forvaltning.".  At dette er ein fellesgrad betyr at dei to høgskulane samarbeider om å gje utdanninga.  

Den rettar seg mot studentar med gjennomført masterutdanning på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar har god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga.

Men ei heil rekkje andre fagområde kan også vere relevante for opptak om ein er oppteken av dei generelle spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga, som til dømes: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag.

DEILIG BESKJED

Erlend Walseth er den eine av dei to stipendiatane og han skal vere tilknytt HVO. Han har ein bachelorgrad i filosofi og ein mastergrad i sosiologi. Tidlegare har han jobba i NAV, mens han no arbeider med flyktningar i Ørsta kommune.

– Det var ein deilig beskjed å få at eg vart tatt inn. No har eg vore ute i arbeidslivet ei god stund og er klar for nye utfordringar. Eg er glad for å kome tilbake til eit akademisk miljø igjen, og byrje å lese, skrive og holde på med det eg er mest glad i, seier Walseth.

Walseth, som er frå Sæbø i Ørsta, trur det nye doktorgradsstudiet har ei god framtid føre seg.

– Det verkar veldig spanande, og eg trur det er viktig for dei to høgskulane som institusjonar. Det er ei god nyvinning for både stipendiatane og høgskulane, slik eg ser det, seier Walseth.

I sitt doktorgradsarbeid ønskjer han å sjå på samtalane mellom brukar og rettleiar i NAV-systemet, i eit sosiologisk perspektiv.

– Sidan eg har jobba i NAV og med flyktningar, har eg litt erfaring med det. Når staten møter ein borgar er det mykje som skjer på same tid. Det er mange dimensjonar å ta tak i, meiner den ferske doktorgradsstipendiaten, som tek til med studiet 1. august.

ALLEREIE I GANG

Kjellaug Klock Myklebust har berre venta på at ph. d.-studiet i helse- og sosialfag skulle kome til HiMolde og HVO.

– Eg har hatt ei stipendiatstilling ved Høgskulen i Molde ei stund. Men eg har venta og håpa på å få doktorgradsprogrammet hit, det er her eg har sett føre meg å vere. Difor var det veldig kjekt å få beskjeden om at eg hadde kome inn, seier Klock Myklebust, som er fagansvarleg og underviser  i psykisk helsearbeid ved HiMolde.

Ho er utdanna sjukepleiar og har ein mastergrad i kliniske hjelperelasjonar. I doktorgradsarbeidet sitt vil ho ta føre seg samspelet mellom miljøterapeutar og brukarar i psykisk helsearbeid.

– Det blir ei samspelsbeskriving mellom hjelpar og brukar. Eg vil sjå i pasientjournalar som miljøterapeutar skriv og intervjue dei, fortel Klock Myklebust.

Ho har sjølv erfaring frå yrket, men vil ha innspel frå andre når ho skal skrive avhandlinga.

– Det er ein fordel at eg har kjent på nokre av problemstillingane sjølv. Men samstundes er det viktig å utarbeide problemstillingar til avhandlinga i samarbeid med dei som er ute i yrket, seier Klock Myklebust, som klør i fingrane etter å kome i gang.

– Eg er allereie i gang med førebuingane. Eg har starta med å hente inn dei nødvendige godkjenningane og starta samarbeid med folk i praksisfelttet.

FLEIRE GODE SØKNADAR

Synnevåg Løvoll ser på det nye studiet som ei utviklingsmoglegheit for dei to høgskulane.

– At vi kjem i gong med dette studiet no gir ein eineståande moglegheit for å byggje kompetanse i eigen organisasjon. Vi og Høgskolen i Molde blir begge styrka tverrfagleg sett på fagområdet helse, som vi ser på i ein litt utvida forstand. Det gjer oss også mange moglegheiter til forskingssamarbeid med andre institusjonar, seier Synnevåg Løvoll.

Doktoravhandlinga vil vere den største delen av utdanninga og utgjer 150 av dei totalt 180 studiepoenga som studiet inneheld. Dei resterande 30 studiepoenga er fordelt på 20 studiepoeng i obligatoriske emne og 10 studiepoeng i valfrie emne.

Utanom dei to som no har fått klarsignal, vert det tilsett fem-seks nye stipendiatar, som byrjar frå hausten av. Søknadsfristen er gått ut og det er kome inn 18 søknadar totalt.

– Det er kjempebra. Eg vart positivt overraska over kor stor interessa var. Det er mange gode faglege prosjekt som det har vorte søkt stipendiatstilling for, seier Synnevåg Løvoll.

pressefoto

Kjellaug Klock Myklebust
Erlend Walseth

Del på