Historikar ved HVO skal forske på europeisk innverknad på sagasjangeren

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prosjektet har tittelen ”The transformation of Genres in the Perspective of Medieval Literacy in Scandinavia”, og er støtta av Norsk Forskingsråd (NFR).

I tillegg til Orning er det to filologar ved Universitetet i Oslo som skal ta del i prosjektet. Det er Karl Gunnar Johansson (prosjektleiar), og Terje Spurkland.  

- Vi skal forske på sagaer som det er sett lite på til no. Det handlar om korleis Noreg vart utsett for europeisk kultur, for det vart omsett bøttevis med sagaer i Skandinavia. Det var den tidas internasjonalisering, seier Orning.

- Over 30 sagaer vart omsett, og det er ganske imponerande. I tillegg hadde ein den norrøne sagasjangeren, og resultatet var at ein tok til å skrive eigne norrøne sagaer om dei europeiske heltane.

- Det skjedde ein assimilasjon, ei samansmelting av sjangrane som resulterte i nye sjangrar. Dette er upløgd mark, og noko det er forska lite på, poengterer Orning.

- Kva er det som får ein historikar til å halde på med skrift, literacy (lesevitskap red.m.), og språk?

- Historikarar held òg på med skriftlege kjelder, så det er like relevant for oss som for filologar, seier Orning, og kjem inn på dei store teoretiske debattane, der det er svært ulike syn på kva for innverknad skrifta har hatt på mennesket sin måte å tenkje på opp gjennom historia.

- Tidlegare hadde ein eit evolusjonistisk syn på dette, men dette er sjølvsagt heilt uhaldbart i dag. Og literacy-disiplinen har redefinert dette, seier Orning.

Orning kjem til å opphalde seg i Volda. Skilnaden er at ein får tilført nye ressursar, slik at ein kan tilsetje fleire historikarar.

- Tapet for meg er at eg ikkje får delta i undervisninga, som eg synest er svært spennande og morosamt. Men fordelen er jo sjølvsagt at ein får fordjupe seg veldig, seier Orning.

hans_jacob_orning520

Historikar Hans Jacob Orning.

Del på