Historisk kursstart ved høgskulen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

f7baade4aa5347f53a9d9d1fb6b7aac5
Kurseltakarane saman med professorane Jan Inge Sørbø (nr. fire f.v.) og Tor-Johan Ekeland og Jens Standal Groven, prorektor ved HVO (heilt til høgre).

I tre dagar har Ekeland og Sørbø, som begge er professorar ved Høgskulen i Volda (HVO), undervist i kurset Strukturelle vilkår for profesjonsutdanning. Dei har med det halde det første ph.d.-kurset ved HVO, ei historisk hending. Dette er ein del av den nye ph.d.-utdanninga "Helse- og sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving", som er eit samarbeid med Høgskolen i Molde. Den er den fyrste i Noreg der to høgskular har gått saman om ei ph.d.-utdanning.

Møtt motstand

Ekeland og Sørbø har lagt ned mykje arbeid for at denne doktorgradsutdanninga skulle bli noko av. Dei første møta var dei med på i 2010. Etterpå har det ikkje vore ein bein vei fram til dit dei står i dag.

– I tillegg til oss og Molde var også Høgskolen i Ålesund med i planarbeidet, men dei fall etter kvart i frå. Det var fyrst då høgskulestyra i Volda og Molde gjorde vedtak om ei felles utdanning at arbeidet tok til for alvor, seier professorane, og fortel vidare om ein lang og arbeidskrevjande prosess for å få akkreditert utdanninga gjennom Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen(NOKUT). – Dei stilte tøffe krav for at vi skulle få utdanninga, seier Ekeland og Sørbø.

– Korleis er det å endeleg vere i mål?

– Vi er ikkje i mål før første stipendiat har disputert. Men det er mange som ikkje har trudd at det skulle bli nok ut av dette. Det har vore ein del skeptikarar, svarar Ekeland.

– Vi fekk høyre at vi ikkje kom til å få nok folk som ville søkje. Det tipset har vi gjort til skamme, og det er tøff konkurranse om å bli tatt opp til utdanninga, fortset Sørbø.

A-ha-opplevingar

Kurset Strukturelle vilkår for profesjonsutøving var ope til søking for alle med ein relevant mastergrad, og ikkje berre dei som har vorte tatt opp til den felles ph.d.-utdanninga for Volda og Molde. Ekeland og Sørbø sette stopp på 15 studentar, og har fått med fleire studentar utan frå. Ingrid Johnsen Hogstad og May Helen Midtbust er begge tatt opp til den felles ph.d.-utdanninga i Molde. Dei hadde begge tre lærerike dagar ved HVO.

– Eg har fått ein del a-ha-opplevingar. Ein får nye refleksjonar over ting ein kjente til frå før. Det tilfører eit nytt nivå til det vi driv på med, fortel Hogstad.

– Dette kurset seier noko om den faglege profilen til heile ph.d.-utdanninga. Og den teorien vil lærer her er nyttig kunnskap i forskinga vi skal drive. Den set oss i stand til å reflektere over bruken av teori, meiner Midtbust.

Har lukkast

Akkurat det var også noko HVO-professorane ville med dette kurset: At teorien skal vere matnyttig i forskingsarbeidet mot ein doktorgrad.

– Vi var spent på grunn av at kurset er ein nyskapning temamessig, det er noko vi har skapt sjølv. Inntrykket vårt, er at vi har funne ein god måte å gjere det på, både med form og innhald. Vi ønskjer at studentane aktivt skal ta del i undervisninga, og det har vi lukkast med, seier Ekeland.

fee3fabf9203428362401e23ad4bbcaf
Tor-Johan Ekeland (t.v.) og Jan Inge Sørbø.

Kursdeltakarane har bakgrunn frå mange ulike yrker, som sjukepleiar, psykolog sosialarbeidar og lærar.

– Det er fruktbart og føre saman folk frå forskjellige yrkeskontekstar, men som har ein felles akademisk vinkel. Då oppstår det andre diskusjonar enn om det hadde vore studentar frå berre ei yrkesgruppe til dømes.

Veldig praktisk

Neste og siste samling for kurset er i januar. Neste år vil det ta til fleire andre kurs i samband med ph.d.-utdanninga ved HVO. Og nettopp at det er i Volda, set May Helen Midtbust stor pris på. Ho bur i Ålesund, og er glad for at ei slik utdanning no er eit tilbod i fylket.

– Det er veldig praktisk for meg og køyre i berre ein og ein halv time. Då er det enklare å kombinere utdanninga med familieliv og tre barn. At det er så nært var ein viktig grunn for at eg søkte på utdanninga, og for at det i det heile tatt er praktisk mogleg å gjennomføre.

Ingrid Johnsen Hogstad ser ikkje heilt likt på det. Ho seier at det til dømes hadde vore like praktisk å setje seg på eit fly til Oslo. Men innhaldet i utdanninga ville ho ikkje ha vore for utan.

– Interessa eg har for programmet er så sterk, at då gjer det ikkje noko om det er ein bit å køyre.

pressefoto

Kursdeltakarane

Del på