Høgskulane samlar seg om forskaropplæring

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Forum

Fjordkonferansen skal hjelpe til med «knekking av publiseringskoden» og vere ein møtestad for læring og utvikling av samarbeid. Det er difor viktig at også meir erfarne melder seg på.  På denne måten vil arrangørane skape eit støttande, rettleiande og stimulerande forum.

d0a9854ddaf2529e894ff0aa8f1a9341392d00e1

Konferansen vert halden i Loen den 20. og 21. juni 2013. 

Kvalitet

Eit overordna tema skal vere «kvalitet», men det vert tolka vidt og vil få ulike utdjupingar i form av deltema for parallelle sesjonar i konferansen. Her vil deltakarane få presentere meir eller mindre klare FoU-prosjekt i ei trygg ramme. Ein vil kunne få hjelp av røynde fagfolk til å arbeide vidare med manus fram mot publisering i ein eigen antologi etter konferansen.

Les meir på nettsidene til Fjordkonferansen.

Del på