Høgskulane styrkjer lokalt næringsliv

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

tek arbeid der ein tek utdanning

I 2012 utarbeidde professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda (HVO) og Knut Gythfeldt ved Høgskolen i Oslo og Akershus ein rapport som tok for seg rekrutteringa til høgskulane og overgangen frå fullført grad til arbeid.

Det sentrale funnet i studien «Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner?» er at høgskulane si lokalisering har stor betydning for rekrutteringa til arbeidsmarknaden. Minst ni av ti med utdanning som lærar, førskulelærar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog og vernepleiar, som har tatt utdanninga si i same region som dei er oppvaksne i, er også i arbeid i same region både to og fem år etter ferdig utdanning. Rundt halvparten av dei studentane høgskulane greier å rekruttere utanfrå eige fylke, tar seg arbeid i regionen etter at de er ferdig med utdanninga.

Sentralisering av høgskular trugar regional utvikling

Politiske krefter ønskjer seg færre og større høgskular. Resultatet av det kan bli mangel på kvalifisert arbeidskraft i regionar som manglar høgskular.

– Det kan fort bli færre gode søkjarar på lærarstillingar i regionane om all lærarutdanning i landet skulle bli samla i dei fem største byane i landet, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda. 

2b04418c1c229dc4737608e5bd147941

– Om studentane vert tvinga til å reise til Bergen, Oslo eller Trondheim for å ta utdanninga si der er det ein stor fare for at regionen ikkje ser meir til dei, seier Halse.

Rekruttering til næringsretta yrke

I ein ny rapport «Høgskolenes betydning for regional rekruttering til næringsrettede profesjonsyrker», som byggjer på arbeidet til Heggen og Gythfeld, viser at høgskulane er avgjerande også for det regionalt næringslivet.

I denne rapporten analyserer Karl Ingar Kittelsen Røberg ved  Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus rekrutteringa til utvalde lærestadar på Vestlandet og i Oslo og Akershus for næringsretta utdanningsgrupper. Han analyserer også sysselsettinga for dei uteksaminerte personane ved desse lærestadene og utdanningsgruppene.

Hovudresultatet er at rekrutteringa og sysselsetting i stor grad skjer på fylkes- og regionsnivå. Kittelsen Røberg fann det same mønsteret som Gythfeldt og Heggen påviste  for velferdsprofesjonsutdanningane (lærar, barnehagelærer, sjukepleiar og sosialarbeidar) i 2012. Studentane finn i stor grad arbeid i regionen der dei har studert, og dette har stor betydning for næringslivet i utdanningsregionene.

Rapporten viser altså at lite av rekrutteringa og sysselsettinga av kandidatane føregår på nasjonalt nivå, noko som inneber at kvaliteten og tilbodet ved dei lokale og regionale lærestadane blir avgjerande for kvaliteten på arbeidskrafta som vert tilsett i det lokale næringslivet.

Høgskulane er avgjerande for næringslivet

Regionleiar i NHO Møre og Romsdal Torill Ytreberg trur det hadde vorte vanskelegare å lokke kompetent arbeidskraft til fylket utan høgskulane.

– Å ha eit sterkt høgskulemiljø i Møre og Romsdal er heilt avgjerande for næringslivet, seier Ytreberg til framtida.no.

c27fbc140efae379ae23f9cfc3d3dcfb

 Regionleiar i NHO Møre og Romsdal Torill Ytreberg.

Høgskulane i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er eit fylke med tre ulike høgskular, som i liten grad har overlappande utdanningar.

Høgskulen i Volda, den største høgskulen i Møre og Romsdal med 3900 studentar, har spesialisert seg på media, kultur, humaniora og samfunnsfag med store sosialarbeidar- og lærarutdanningar. Høgskulen i Volda er også ein viktig kompetanseleverandør for kommunal sektor. Heile 1800 studentar, mange av dei lærarar, tek vidareutdanning på deltid, nett- eller samlingsbasert.

f75776e3299eca805634b4c3ea167265

Høgskulen i Volda.

Høgskulen i Ålesund (2000 studentar) har spesialisert seg innan maritim og marin teknologi og innovasjon, medan Høgskulen i Molde (2000 studentar) lokkar til seg studentar innan økonomi, administrasjon og logistikk retta mot oljenæringa.

Kulturnæringane skaper jobb nummer to

Martin Foldal, leiaren for Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, peikar på potensialet i kulturnæringane.

– Den nasjonale handlingsplanen ”Fra gründer til kulturbedrift” er eit resultat av eit samarbeid mellom Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartememtet og Kommunal- og regionaldepartementet. Handlingsplanen som dokumenterer vekstpotensialet til næringane musikk, film, foto, dataspel, tv og radio, arkitektur, design, trykte medium, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarisk verksemd ligg og til grunn for satsinga fylkeskommunen har på desse næringane i Møre og Romsdal, seier Foldal.

6353201cae7c65e27fb2995c41ef4969

– Utover vekst- og sysselsetjingspotensiale i seg sjølv, er kulturnæringane svært viktige for rekruttering av kompetansearbeidskraft til næringslivet gjennom bidraget til ein meir komplementær arbeidsmarknad. Tenestene som næringane tilbyd er etterspurde av næringslivet og bidreg dessutan til auka bulyst og trivsel, seier leiaren for Sunnmøre Kulturnæringshage Martin Foldal.

Kulturfag og mediefag ved Høgskulen i Volda

Mange av kulturnæringsbedriftene som er og blir etablert i Møre og Romsdal er skipa av tidlegare studentar ved Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Høgskulen har og starta eit eige entreprenørskapsprogram for å betre ruste studentane til å etablere nye verksemder. Dei fleste studentane som søker seg til desse høgskuleutdanningane kjem frå andre fylker i Noreg , og ved at mange av de vel å etablere seg her bidreg dei til ei positiv innanlandsk tilflytting til Møre og Romsdal.    

Del på