Høgskulealliansen: Innovasjon inspirert av sparebankane

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

På eit møte i Volda 1. juni møtte det vel 20 leiarar frå dei tre høgskulane. Det vart det sett ned arbeidsgrupper som skal arbeide med samarbeid innanfor studentrekruttering, forsking og internasjonalisering.

Møtet starta med ei innleiing av Lillehammer-professor Håvard Teigen, som har blant anna har arbeidd  med sparebankalliansar og har sett koplingar til framtidige høgskulealliansar. Teigen fortalde om korleis mange sjølvstendige sparebankar samarbeider om fellestenester gjennom eigarskap i selskapa som leverer slike tenester. Særleg interessant er det at slike samarbeid både kan sikre lokal kompetanse og kapasitet og ser ut til å ha svært lang levetid. - Vi snakkar her om ein organisatorisk innovasjon i høgskulenoreg, sa Teigen.

9474673b3460aad5ce366978ccb36837

Professor Håvard Teigen.

For ein framtidig høgskulealliansen handlar det no om å definere kva område det er lønsamt å samarbeide tettare på - og finne ut korleis ein skal gjere det. Alliansesamarbeidet må vere innanfor høgskulane sine sentrale oppgåver, og målet er å løyse desse oppgåvene betre.

I diskusjonen på møtet var det positiv stemning for å gå vidare med allianseplanlegginga. Deltakarane er samla om premissen om at dei tre kvar for seg er gode høgskular med høg forskingsproduksjon og ei viktig regional rolle. Når det no er aktuelt med meir formalisert samarbeid, så skjer det mellom tre institusjonar som i liten grad konkurrerer med kvarandre, men samstundes har såpass like fagtilbod at det gir god meining å utvikle noko i lag.

Les også dei tre rektoranes felles kronikk om alliansen i Dagens Næringsliv 28. mai 2015. 

Tre arbeidsgrupper

På møtet vart det sett ned tre arbeidsgrupper som skal kome med framlegg til konkrete samarbeid på viktige område. Det gjeld i første omgang marknadsføring, forsking og internasjonalisering. Høgskulane deltek med ein representant kvar i gruppene og har fordelt ansvar for arbeidet seg i mellom.

  • Studentrekruttering: Johann Roppen, Høgskulen i Volda.
  • Forsking: Viserektor for forsking Harald Hjelle, Høgskolen i Molde.
  • Internasjonalisering: Studiedirektør Iben Kardel, Høgskolen i Lillehammer.

Gruppene har frist til 1. september med å kome med innspel til utvida samarbeid.

84c90e51fcbfe68221642f41c9c8e81c
Rektorar og studiesjefar frå høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda samla på Høgskulen i Volda. Frå venstre: Studiesjef Iben Kardel (Lillehammer), Studiedirektør Gonnie Smit (Volda), rektor Hallgeir Gammelsæter (Molde), rektor Per Halse (Volda), rektor Bente Ohnstad (Lillehammer) og studiesjef Sissel Waagbø (Molde).

Pressebilde av rektorane Gammelsæter, Ohnstad og Halse.
Pressebilde av rektorar og studiesjefar frå dei tre høgskulane.
Pressebilde av professor Håvard Teigen.

Del på