Høgskulelærar med plateslepp

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Deler av musikken vart opphavleg skriventil opninga av det nasjonale Ivar Aasen året, og er m.a. framført på både Vossajazz og Dei nynorske festspela.

Musikken kan beskrivast som melodiøs og full av rike klangfargar. Inspirasjonen har i første rekkje vore henta frå jazz, men og frå folkemusikk. I val av musikarar har målet vore å byggje opp under dette uttrykket.

SHS-melding 
Stein Helge Solstad

Hovudvokalist ibandet, Sine H. Bjordal har ei stemme som kler stemningane i musikken på ein svært god måte. Ho har folketoneklangen i stemma, og har samstundes lete seg inspirera av jazzvokalistar sin måte å frasere på. For å få fram eit opent og spennande lydbilete vert det nytta to gitarar. I tillegg til komponist Stein Helge Solstad på gitar, finn me Tore Hovde på gitar og vokal. Både han ogbassisten Audun Ellingsen studerer no på Norges Musikkhøgskole, etter mange år med jazzstudiar i Leeds. Trommeslagaren Martinus van Gastel kjem frå Holland, og har solid jazzbakgrunn frå Rotterdam. I dag underviser han i musikk, m.a. ved musikklina ved Volda vidaregåande skule.

Det er kjekt å sjå at jazzmusikken blomstrar med utspring i Volda og Ørsta. Denne konserten vil forhåpentlegvis bevisa at arbeidet som vert gjort med å leggje tilrette for jazzmusikk i området ber frukter.

Eg likar å sveva, sjå utover – står det på cd-coveret. Svev har fått sitt eige uttrykk der nærleiken og intimiteten kanskje er det mest framtredande i lydbilete. Om det samstundes framkallar assosiasjonar om å sveva, får de sjølv avgjere om de kjem på konserten torsdag 2.februar.

Det vert også konsert i Aasen-tunet klokka 17.00 sundag den 5.februar

Del på