Høgskulelektor Heidi Brunstad med bokslepp på Selja Forlag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I ”Ta kaka” tek Heidi Brunstad lesaren med på ei reise i tid og rom. Forfattarane ser på utviklinga frå dei første enkle bakverka i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst.

7a2c1e1dc2dd8acbb592358079a762ea5c5597cd 

Heidi Brunstad sine kaker.

- Mat er ofte eit bindeledd mellom notid og fortid. Rikhaldige kakebord er fast innslag ved feiringar og høgtider på Vestlandet. Det som vert feira avspeglar seg i korleis kaka ser ut, seier Brunstad.

Mat i det fri

Per Momrak, som er frå Ål i Hallingdal, er i dag tilsett ved Nordfjord folkehøgskule der han underviser i friluftsliv. Momrak seier at han fekk inspirasjon og kunnskap til å skrive denne boka då han gjekk på matkulturstudiet i Volda. 

3792574774a48441fbd11297de9259cce887d3c4

Per Momrak som student ved Høgskulen i Volda.

- Utan dette studiet hadde ikkje boka vorte til, seier han.

Boka omhandlar enkle teknikkar for matlaging på bål, i kokegrop, i jordomn, på steinhelle og i sjusteinsomn. Egil Hurum i Den Norske Turistforening har uttalt at ”dette er den kuleste matboka jeg har bladd i”.

75e46f7399bf6ad236d9a56f79003dc61edc6eed

Forlag og forfattarar fortel om bøkene. Det vert servering av kaker frå boka Ta kaka og spennande smaksprøver frå ”Mat i det fri”.


Tid: Torsdag 10. juni 2010 kl. 13.00
Stad: Fjordamattunet, Støfringsdal, Jølster

Del på