– HVO er med i det gode selskap

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

c8dde6c803d1215f85013234744f90ca
Frå venstre: Oddbjørn Melle, Paul Bjerke, Henrik G. Bastiansen, Rolf Werenskjold og Erling Sivertsen.

«Nordic media and the cold war» – som vart sleppt i biblioteket på høgskulen torsdag – er eit resultat av eit prosjekt på HVO om den kalde krigen som har vart i tre år. Sjølve boka har vorte til i løpet av i underkant to år.

– STÅR SEG GODT

Henrik G. Bastiansen og Rolf Werenskjold, begge tilsette ved Avdeling for mediefag på HVO, er redaktørar for boka, som inneheld 17 artiklar om dei nordiske media si dekning av den kalde krigen, som varte frå 1945 til 1991. I tillegg til dei to har også Paul Bjerke og Erling Sivertsen frå same avdeling og Oddbjørn Melle frå Avdeling for samfunnsfag og historie bidrege i boka. I tillegg har Hans Fredrik Dahl, som professor II ved Avdeling for mediefag, delteke i arbeidet.

– Det har vore eit breitt knippe av norske, svenske, finske og danske medieforskarar som har skrive artiklar til boka. Det er nokre av dei fremste medieforskarane i Norden, som synest at å forske på media og den kalde krigen gir meining i dag, seier Werenskjold.

Det at boka er ein antologi – ei samling av fleire artiklar –  har gitt den eit rikt mangfald, skal ein tru redaktørane.

– Boka er eit godt døme på at det er mogleg å bringe mange forskarar saman og arbeide under same paraply, samstundes som ein har sine eigne innfallsvinklar. Det er ein måte å forske som gir breidde i forskinga, fortel redaktørane, før Werenskjold legg til:

– Høgskulen i Volda er med i det gode selskap med denne boka. Eg må få seie at våre medieforskarar står seg godt, og står ikkje noko tilbake frå dei andre nordiske medieforskarane.

Boka er utgjeven på universitetsforlaget Nordicom i Göteborg, som er ein viktig kanal for nordiske medieforskarar som publiserer internasjonalt.

HEILT NY FORSKING

Det har vore forska mykje på den kalde krigen opp gjennom åra. Men Bastiansen fortel at det gjerne har vore slik at historikarane har oversett mediedelen, og mediefolk har oversett det historiske ved den kalde krigen. Difor er den ferske boka noko heilt nytt.

– Dei to delane har ikkje vore relaterte til kvarandre tidlegare. Det finst forskarar som har tatt for seg nordiske media i den kalde krigen, men det har vore avgrensa punktstudiar. Ingen har tidlegare sett seg ned og sett på heile tematikken under eitt, seier Bastiansen.

782a9c0d6549540bb15c95587365d3a5
Redaktørane Rolf Werenskjold (t.v.) og Henrik G. Bastiansen. 

INTERESSANTE FUNN

Under boksleppet torsdag fortalde Paul Bjerke at artikkelen hans i boka tek utgangspunkt i den mest kjende norske spionen under den kalde krigen – Gunvor Galtung Haavik. Etter at ho vart pågripen i 1977 etter 25 år med spionasje, var det svært lite kritisk og undersøkjande journalistikk om ho i avisene Arbeiderbladet, Aftenposten og VG, som Bjerke undersøkte. Same funn fann også Bjerke om sovjetiske styresmakter og den sovjetiske etterretningstenesta KGB, i dei nemnde norske avisene.

Oddbjørn Melle har undersøkt debatten og leiarartiklane i elleve norske aviser frå starten av 1980 og eit halvt år framover. Noreg og Tyskland var dei to einaste NATO-landa som følgde USA og boikotta OL i Moskva same året. Melle fann at alle avisene var kritiske til Sovjetunionen, men at avisene som høyrde til på høgresida i politikken, var dei som oppmoda om å halde med USA og boikotte norsk deltaking i Moskva.

Erling Sivertsen bidreg saman med Werenskjold i boka. Dei har gjennomført ein systematisk analyse av korleis Aftenposten skildra amerikanske og sovjetiske leiarar med avisteikningar. Då kom dei mellom anna fram til at avisteikningar spelar ei rolle når ein skal skape fiendebilete og endre fiendebilete av kjende leiarar.

Bastiansen har gått gjennom samtlege sider i Aftenposten i perioden 1985–89 og teke ut alt som har omhandla Sovjetunionen. Der har han forskingsmateriale til langt meir enn det som kjem fram i boka, der han har teke føre seg det første året. Det var då Mikhail Gorbatsjov kom til makta i Sovjetunionen, og det kom ei endring i det som vart skrive om stormakta i aust i Aftenposten.  Tidlegare hadde Oslo-avisa vore svært kritisk til Sovjetunionen, men med Gorbatsjov som statsleiar vart det ei meir positiv haldning til Sovjetunionen i spaltene.

pressefoto

Odbbjørn Melle, Paul Bjerke, Henrik G. Bastiansen, Rolf Werenskjold og Erling Sivertsen.
Henrik G. Bastiansen og Rolf Werenskjold

Del på