Desse vil forske på dialekten din

Snakkar du volding eller ørsting, vil desse forskarane gjerne ha deg på besøk. Flunkande ny forsking på dialektendringar er i gang ved Høgskulen i Volda.

Førsteamanuensis Randi Neteland, professor Stig J. Helset og professor Tor Arne Haugen ved HVO.

Ta med deg snakketøyet ditt og bidra til ny dialektforsking! Førsteamanuensis Randi Neteland, professor Stig J. Helset og professor Tor Arne Haugen ved Institutt for språk og litteratur vil gjerne ha besøk av voldingar og ørstingar i haust. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Snakkar du volding eller ørsting, vil denne forskartrioen gjerne ha deg på besøk i haust. Flunkande ny forsking på dialektendringar er i gang ved Høgskulen i Volda.

– Dette var ikkje noko skummelt å vere med på, men berre kjekt! Dialekt er jo så spennande. Det er berre å hive seg med!

Kirsti Langstøyl har nett donert litt dialekt til språkforskarane ved Høgskulen i Volda (HVO). Kirsti er fødd og oppvaksen i Ørsta, men merkar at talemålet hennar har endra seg.

– Eg har jo flytta litt rundt opp gjennom åra, så innimellom er eg ikkje lenger sikker på kva ord eg eigentleg bruker, ler den ferske forsøkskaninen.

Nøyaktig kva som kan ha forsvunne frå dialekten til Kirsti, skal vi ikkje avsløre. Dersom forsøket skal funke, må nemleg språkforskarane halde innhaldet litt hemmeleg på førehand.

Vil ha voldingar og ørstingar på besøk

Professor Stig J. Helset er prosjektleiar for studien, og medforskarar er førsteamanuensis Randi Neteland og professor Tor Arne Haugen, alle knytte til Institutt for språk og litteratur ved HVO. No vil forskartrioen gjerne ha besøk av bygdefolket i laben sin.

Etter ein halvtimes innsats for vitskapen får du eit gåvekort på 400 kroner. Dette er kriteriet for å bli med: Du er myndig og har vakse opp i Ørsta eller gamle Volda kommune (ikkje Hornindal) seinast frå du var 6 år gamal.

– Det er enkle ting ein skal gjere. Først bruker du din eigen dialekt i nokre PC-oppgåver medan vi tek lydopptak. Deretter svarer du på eit spørjeskjema om haldningar til og bruk av språk i ulike samanhengar. Det er det heile, og anonymiteten er 100 prosent sikra, understrekar Helset, som vil kome med ei oppmoding:

– Kvinnene er flinkare til å melde seg på så langt, så vi ønskjer særleg å få med fleire menn i alle aldrar. Målet er å få rundt 100–120 deltakarar til saman.

Vil du ta utfordringa, kan du enkelt tinge eit tidspunkt som passar for deg, både på dag- og kveldstid, ein tysdag eller torsdag frå no og utover hausten.

Kirsti Langstøyl deltek i dialektstudie.
Ørstingen Kirsti Langstøyl synest det var interessant å delta i studien. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Dialektar i rask endring

Formålet med studien Dialektendringar på Sunnmøre er å kartleggje og forstå korleis språket og dialektane endrar seg, i første omgang i Volda og Ørsta. Seinare skal forskarane også gjere undersøkingar i skulane og i større delar av regionen.

– Vi vil til dømes undersøkje om eldre snakkar annleis enn yngre, om det er forskjell mellom kjønna, og om det er forskjell mellom folk frå sentrumsområda og frå bygdene rundt, forklarer Helset.

Kvifor er det viktig å forske på dialektar og «språking»?

– For det første tyder ting på at dialektane kanskje er i raskare endring no enn for nokre tiår sidan, og det er viktig å dokumentere om dette er noko vi berre trur, eller om det er reelt – og finne ut kor mykje dei endrar seg. I tillegg er dialekt ein viktig identitetsmarkør for mange, så når vi undersøkjer haldningar til språk og dialekt, gjeld det samanhengen mellom identiteten og språkbruken til folk, utdjupar Helset.

Er det din tur å bli forska på?

Kirsti Langstøyl melde seg på studien fordi ho, til liks med veldig mange andre nordmenn, rett og slett synest det er interessant med dialektar.

– Det handlar jo om identitet. Når ein er ute og reiser i Noreg, blir dei ulike dialektane noko ein kjem i prat om og skaper kontakt gjennom. Og her på Sunnmøre lyttar vi jo ofte etter dialektmerka for å gjette om nokon kjem frå til dømes Ulsteinvik eller Hareid, fortel Kirsti.

Forskarane håpar at nettopp det folkelege engasjementet for språk gjer at folk no melder seg på studien og bidreg til meir kunnskap om dialektendringane i nærområdet.

–Noreg blir jo kalla «dialektparadiset» fordi vi har så lange tradisjonar for å få bruke vår eigen dialekt i offentlegheita, i motsetning til samanliknbare land i Europa der tradisjonen er meir normert talespråk, seier professor Helset.

Gåvekort for ein halvtimes enkel innsats er éin ting, men deltek du i denne studien, kan du også skryte av at snakketøyet ditt er vitskapleg publisert neste haust.

– Vi startar analysane så snart undersøkingane er ferdige, men det tek litt tid. Målet er at vi kan seie noko om tendensane vi har funne, om eit års tid, både i vitskaplege artiklar og meir populærvitskapleg formidling. No håpar vi at flest mogleg vil melde seg på og bli med, oppmodar Helset.

Del på: