Idrett og leik vert industri

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Flemmen har i mange år arbeidd med born sine behov for leik i fritid og på skule. Det er han som m. a. har utforma den vidkjende "Jungelen" ved Avdeling for lærarutdanning og leikeområdet ved Heltne skule.

Skileik
Flemmen har også skrive boka Skileik og laga prototypar av ymse hjelpemiddel i skibakken. I mange år har han vore på jakt etter å finne nokon som ville produsere skileik-elementa. No vil altså firmaet Norsk Aktivitetssenter AS produsere desse.

flemmen.jpg
Asbjørn Flemmen. Foto: Peder Arne Lid/Møre

Internasjonal interesse
Prosjekta og ideane som Flemmen har arbeidd med i over 30 år har vakt stor interesse både i Noreg og i utlandet. Han har m. a. hatt innleiingsfordraget på den største leik- og fritidskonferansen i Storbritania som kvart år vert arrangert i Sheffield. Foredraget fekk stor merksemd i den kjende avisa "The Guardian".

Sosialisering gjennom samhandling viktigast
Det primære elementet i Flemmen sitt arbeid er grunnleggjande sosialiseringsprosessar gjennom samhandling, ikkje nødvendigvis fysikk og helse som no er så overfokusert i media og andre stader.

- Ideen er nedfelt i omgrepet "Ekte leik" (http://www.skole.karmoy.kommune.no/lek/tekstno.htm) der det sosiale og rørslemessige heng saman som renningen og slaget i ein vev, seier Flemmen.

Pris til eit prosjekt i Karmøy
Eit prosjekt på Karmøy tufta på Flemmen sine idear, har fått Rolf Hofmo sin pris for 2000. Hofmo etablerte m. a. Norsk Tipping og starta Staten sitt ungdoms- og idrettskontor. Prisen vert tildelt det beste idrettsanlegget annankvart år. Ekspedisjonsjef Hans B. Skaset i Kulturdepartementet har vore med på å peike ut parken som vinnar av prisen.

Tippemidlar
Dette prosjektet har fått tippemidlar frå Kulturdepartementet som no nettopp vil prioritere denne typen nærmiljøanlegg knytt opp til skular.

- Det er sjelsettande at Kulturdepartementet "subsidierer" skuleverket som eigentleg sorterer under heit anna departement, seier ein lykkeleg Flemmen.

Meir om prosjektet: http://www.karmoyped.no/lek





Del på