IKT i lærarutdanninga

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

BAKGRUNN
KUF har oppretta ei fagleg og administrativ eining, ITU (Det nasjonale forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning), til å leie den nasjonale satsinga på IKT i heile utdanningsverket.

Utviklingsprosjektet PLUTO (Prosjekt LærarUtdanning med Teknologisk- pedagogisk Omstilling) er eit prosjekt retta mot pedagogisk utvikling og implementering av IKT i lærarutdanninga.

Høgskulen i Volda fekk i år 2000 tildelt 1,5 mill. kroner frå departementet til PLUTO-prosjektet. I tillegg har Avdeling for lærarutdanning (ALU) fått fleire løyvingar både til forskingsarbeid og andre tiltak som er nødvendig for å få integrert IKT i undervisninga. I prosjektperioden (3 år) vil avdelinga bruke 7 – 9 årsverk til utviklingsarbeidet, og med intern finansiering har prosjektet ei kostnadsramme på 3,5 mill.

PEDAGOGISK OG ORGANISATORISK UTVIKLINGSPROSJEKT
- PLUTO er primært eit pedagogisk utviklingsprosjekt knytt til bruk av IKT. Det er også eit organisasjonsutviklingsprosjekt der vi må sjå på og utvikle mål og oppgåver, gå gjennom dei formelle strukturane i avdelinga, implementere teknologien og heve kompetansen til dei som underviser i lærarutdanninga. Skal vi få til varige endringar, er det viktig å gjere ein balansert innsats mot alle desse faktorane, ikkje berre plassere ut PC’ar i klasseromma og håpe det beste. Det er den didaktiske rasjonaliteten vi må dyrke i dette prosjektet, understrekar prosjektleiar Roy-Asle Andreassen.

roy
Prosjektleiar Roy-Asle Andreassen. Foto:pab

PLUTO-prosjektet ved Avdeling for lærarutdanning skal utvikle kunnskap og erfaring med omsyn til:
- korleis IKT kan gi nye moglegheiter i studentaktive læringsformer generelt og i lærarutdanninga spesielt
- korleis nye kommunikasjonsformer og IKT påverkar/endrar/utviklar student-/elevrolla og lærarrolla
- korleis nye arbeidsformer og IKT kan auke graden av tilpassing og inkludering
- korleis bruk av IKT i læringsprosessane kan påverke/endre den didaktiske relasjonen mellom dei ulike faga og korleis dette kan medverke til pedagogisk utviklingsarbeid ved lærarutdanningsinstitusjonen og i studentane sine praksisfelt
- korleis IKT vil medverke til utvikling av vurderingsformene

INFRASTRUKTUR OG OPPLÆRING
PLUTO-prosjektet har fokus på læring og korleis bruk av IKT kan gi nye lærings- og studieformer, og ALU har i det siste brukt store ressursar på å oppgradere IKT-utstyret i avdelinga.

I den første fasen av prosjektet satsar ALU på at alle undervisningsromma ved avdelinga skal få trådlaust nettverk. Alle dei involverte lærarane i PLUTO-prosjektet disponerer eit fleksibelt datautstyr der ein berbar PC med trådlaus oppkoplingsmoglegheit både er arbeidsstasjon på kontoret og saman med prosjektør er presentasjonsverkty i undervisning og rettleiing av studentane.

Det er satsa mykje på å få etablert arbeidsplassar med datautstyr for studentane. I dag har avdelinga om lag 70 slike studieplassar. I tillegg er det om lag 100 arbeidsplassar med datautstyr i tilknyting til lesesal/bibliotek i Berte Kanutte-huset.

Som e-læringsverktøy for studentar og lærarar har Høgskulen i Volda teke i bruk ClassFronter som programplattform.

Opplæring
Avdelinga set også av store ressursar til opplæring av aktørane i dette prosjektet, nemleg lærarutdannarane og studentane.

hansen-t
Terje Hansen. Foto:pab


- Avdelinga har sett av eit årsverk til opplæring av studentar og tilsette. I tillegg får også praksislærarane rettleiing i bruk av IKT, m. a. ClassFronter, seier opplæringsansvarleg Terje Hansen.

FRÅ KLASSER TIL BASISGRUPPER
Studentaktive læringsformer og tett oppfølging og rettleiing frå dei fagtilsette føreset utprøving av nye organiseringsformer.

basisgruppe
Basisgrupper og IKT vert sentrale element
i lærarutdanninga. Foto: pab


- Vi trur at læring skjer best i eit sosialt samspel, og for å få til dette må vi organisere studiet slik at vi fremjar eit best mogeleg samspel mellom studentar og rettleiar. Kort sagt ønskjer vi at basisgruppene skal fremje dialogen og tone ned monologen. IKT kan utvikle dette samspelet vidare. Studentane og fagleg rettleiar kan uavhengig av tid og rom kommunisere med kvarandre over nettet, seier Andreassen.

Alle studentane som starta i allmennlærarutdanninga hausten 2001 vart organisert etter følgjande modell:

Basisgruppa med 4 – 5 studentar er den primære læringsgruppa i studiet. Kvar basisgruppe vil få ein fast rettleiar mellom dei tilsette lærarutdannarane. Basisgruppa vert også praksisgruppa i praksisopplæringa.

Seminargruppene består av 5 basisgrupper ( ca. 20 studentar). Seminargruppene vil vere drøftingsfora for det arbeidet som går føre seg i basisgruppene. Med andre ord vil også arbeidet i seminargruppene vere prega av studentaktivitet og aktiv deltaking. Seminargruppene vil ha ein fagleg rettleiar knytt til det temaet/faget som det skal arbeidast med.

Plenum er forumet for felles forelesingar innanfor dei ulike tema eller fag.

PRAKSIS
- Lærarkompetansen er tverrfagleg, og består av praksis, pedagogikk og fag, seier Roy-Asle Andreassen. Mellom desse spelar didaktikken ei sentral rolle. Mange lærarstudentar har klaga over for lite samsvar mellom det dei opplever i praksis og det dei lærer i lærarutdanninga. I PLUTO-prosjektet ønskjer vi å betre på dette.

Avtalepraksis
Avtalepraksis betyr at studenten sjølv gjer ein avtale med ein praksisskule/praksislærar om korleis og når praksisen skal gjennomførast. Dette opnar for større fleksibilitet og fleire interessante innfallsvinklar enn i høve til den gamle og meir rigide ordninga. No er det t. d. mogleg for studenten å spreie praksisperioden over eitt heilt skuleår, slik at han/ho kan følgje ein klasse over ein lengre periode. Studentane har også større innverknad på kva fag eller tema dei vil arbeide med i praksisperioden, gjere avtalar om å vere med på foreldremøte og andre viktige hendingar i skulen. Kommunikasjonen mellom øvingslærar, studentane og fagleg rettleiar skjer via ClassFronter.


Døme på samarbeid mellom HVO og praksisfeltet
7. klasse ved Mork skule i Volda har i vår arbeidd med eit tverrfagleg prosjekt der kunst og handverk, musikk, natur og miljø og IKT har vore sentrale element.

morkskule
Øvingslærar Norunn Velsvik orienterer om
samarbeidet mellom Mork skule og HVO. Foto:pab


- Temaet for prosjektet har vore ”Livsteikn”. Elevane har fotografert med digitale kamera, handsama bilda i Photoshop og montert desse i PowerPoint. I presentasjonen har elevane også lagt inn sjølvskrivne tekstar og musikk. I prosjektet har vi hatt stor hjelp av øvingslærar Sissel Midtlid og utstyret som vi har fått lånt her ved lærarutdanninga, seier øvingslærar Norunn Velsvik ved Mork skule.


BLOKKLEGGING OG FAGLEG FORDJUPING
Eit anna strukturelt grep er å leggje om timeplanen. I PLUTO-prosjektet organiserer ein arbeidet i såkalla blokker der ei veke er minste eining.

- Problemet med å ha fleire fag på ein dag, er at studentane opplever undervisninga som fragmentert og ordninga gir lite høve til fagleg fordjuping. Vi ønskjer no å leggje undervisninga i blokker, og ei typisk temaveke kan t. d. starte med 2 timar i plenum. Vidare arbeid skjer i basisgruppene der studentane kan fordjupe seg i emnet. Arbeidet kan så bli oppsummert i plenum, avsluttar Andreassen.





Del på