INFORMASJON OG KOMMUNIKADE

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Frå Informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda deltok Erling Sivertsen, Jan Ole Bolsø, Heidrun Torbjørnsen og fem studentar. Tage Borøchstein, Anders Bortne, Oddrun Charlotte Gjone, Astrid Mjærum og Astrid Urke hadde ein stand som vekte stor interesse. Også frå statsrådar. Dei delte ut kring 800 rundstykke og eigenprodusert brosjyre med oppskrift på "Nysteikte informatørar".
- Vi deltok for å pleie kontakten med bransjen, presentere og marknadsføre utdanninga vår, seier Erling Sivertsen. Studentane hadde stor suksess med bakarvarene sine og vi trefte også mange av våre tidlegare studentar.

kommunikade

Ny informasjonsundersøking
Rapporten frå Statens informasjonstjeneste, "Informasjonsundersøkelsen 2000", vart lagt fram 10. oktober. Undersøkinga syner at medarbeidarar med informasjonsutdanning og medieutdanning frå universitet og høgskular utgjer ein stor del blant dei tilsette i informasjonseiningane i offentleg sektor. Dette er ein ny retning i tida og i tråd med intensjonane frå NOU:1992 som peikar på behovet for ei meir profesjonell utøving av faget. Andelen journalistar i bransjen er på veg ned, men departementa oppgjer at det er deira førsteval ved nyrekruttering.

teaser

Lagt merke til
- Det var viktig for vårt studie og for oss som studenter. Jeg ble mer oppmerksom på hva bransjen faktisk er ute etter, det er viktig siden Volda ikke er det stedet som rekrutterer flest informasjonsarbeidere. Informasjonsutdanningen var ikke så godt kjent, men etter at vi "viste" oss frem der, nekter jeg å tro at noen i det hele tatt som var der ikke husker oss. Det var en krevende periode, både planleggingen og gjennomføringen. Vi skulle være med på "alt", for best å bli lagt merke til. Vi var svært bevisste på at vi nok var de eneste studentene på Kommunikade, og ville ikke at det skulle bli brukt mot oss. Dette skjedde heller ikke, seier informasjonsstudent Oddrun Charlotte Gjone.

Aktivitetar i framtida
I "Informasjonsundersøkelsen 2000" vurderte informasjonsleiarar, toppleiarar og avdelingsleiar kor vidt aktiviteten kjem til å auke eller minke i nær framtid. Svara syner at dei trur auken vil kome i ekstern informasjon som mediekontakt og ekstern web. Rådgjeving og rettleiing overfor eigen organisasjon, undersøkingar, analysar og strategiutvikling . Interninformasjon som internaviser og intranett vil også få ein auke. I 1992 var det ein mindre del som trudde at informasjonsaktivitetar ville auke. Dette kan tyde på større medvit omkring relevans for informasjon og kommunikasjon.

- Vi hadde mykje att for å delta på Kommunikade 2000, fortel Sivertsen. - Det faglige utbyttet var veldig bra! Nivået på foredragene var høyt og temaene variert. Jeg følte meg svært privilegert som fikk være der, ble veldig inspirert og ønsket at resten av utdanningen var der. En nesten overveldende opplevelse som ikke jeg kommer til å glemme så lett, seier Oddrun Charlotte.

Last ned heile undersøkinga på: http://www.si.dep.no/

Del på