Informasjonsmøte om utlyste ph.d.-stillingar

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Møtet var ope for alle og blei halde i Store Auditorium i Berte Kanutte huset, onsdag 22. mai.

Tema på møtet var korleis ein skal skrive ph.d.-søknad, korleis det er å arbeide som stipendiat på HVO og HVO som forskingsinstitusjon.

Representantar for alle dei aktuelle fagmiljøa som skal ta i mot stipendiatane var representerte på møtet, både for å bli orientert og for å svare på spørsmål om sitt forskingsmiljø.

Om du ønskjer å få tilsendt presentasjonane som vart gjevne på møtet så send e-post til: fou@hivolda.no

Køyreplan

10.00: Velkomen ved rektor
10.10: Frå 0 til  100 på 20 år. Eit overblikk over doktorgradsprosjekt ved HVO – v/Johann Roppen
10.20: Korleis skrive ein god ph.d.-søknad? – v/Jan Inge Sørbø
10.40: Spørsmål/diskusjon 
10.50: Frå bachelor til bacalao-doktor. Mitt doktorgradsprosjekt – v/Trudi H. Eikrem
11.10: Spørsmål og diskusjon
11.20: Høgskulen og Universitetet, stipendiat og rettleiar – v/Peder Haug
11.40: Spørsmål/diskusjon
11.50: Stipendiatmiljøet ved HVO  - v/Kjartan Leer-Salvesen

Om innleiarane

Peder Haug er professor i pedagogikk ved Avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Jan Inge Sørbø er professor i vitskapsteori ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
Trudi H. Eikrem er stipendiat i  historie og skriv på ei avhandling om norsk eksport av klippfisk.
Kjartan Leer-Salvesen er representant for stipendiatforeninga ved Høgskulen i Volda.
Johann Roppen er FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda.

Del på