Innhaldsrikt program under Forskingsdagane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Under Forskingsdagane 23.-30. september 2021 kan du mellom anna få med deg Matkultur, Animasjonsfilmkveld og konfliktkafé, Shared reading, Hans Nielsen Hauge-kveld og 12-konsert.  

Det er stikkord for berre nokre av dei 15 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) i år. Den offisielle opninga av Forskingsdagane 2021 finn stad fredag 24. september i biblioteket med utdeling av FoU-prisen ved HVO for 2021 til professor Roar Amdam.

FRED OG KONFLIKT

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Fred og konflikt».

– Gjennom Forskingsdagane ønskjer vi å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for både studentar og andre, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

SJÅ PROGRAMMET FOR FORSKINGSDAGANE HER

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna faglege foredrag og innlegg, seminar, konsert, shared reading, kafésamtale, animasjonsfilmkveld og konsert seier ein godt nøgd Tangen og legg til at alle arrangementa er gratis og opne for alle.

SAMARBEID LOKALT OG REGIONALT

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stader i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar. 

– Vi er svært takksame for engasjementet som vert vist frå alle desse og det gode samarbeidet vi har, seier Tangen.

Mange av dei fagleg tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert best mogleg.

– Vi har med svært mange fagpersonar, både frå høgskulen og eksterne. I tillegg har vi også med symfoniorkesteret ved høgskulen og Volda Vokal, seier Tangen.

OPPMODING FRÅ REKTOR

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet vert mange spennande samtalar om fag og forsking.

Del på