Innovasjonscamp 2019

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

For fjerde år på rad har Høgskulen i Volda i to dagar saman med Samskipnaden i Volda vore vertskap for 150 elevar frå Volda vidaregåande skule på sokalla Innovasjonscamp der elevane skal kome med kreative og innovative løysingar på eit oppdrag frå høgskulen og samskipnaden.

Kreativitet og nyskaping

Innovasjoncamp har fokus på kreativitet og nyskaping. Innovasjonscampen er forankra i Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE MR). Ungt Entreprenørskap skal, i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar, arbeide for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Under Innovasjonscampen får elevane frå Volda vidaregåande skule eit oppdrag som dei skal presentere ei løysing på innan eit avgrensa tidsrom. Elevane jobbar med oppdraget i grupper og presenterer løysingane for ein jury som peikar ut ein vinnar.

Oppdraget

Oppdraget elevane i år fekk frå Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda var:
Kva bør Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda gjere for at Volda skal bli meir attraktiv for noverande innbyggjarar og studentar og nye innbyggjarar og studentar?

I løpet av ein og ein halv dag vart det jobba intenst i 28 grupper. Under arbeidet kunne elevane spørje eit panel av rådgjevarar frå Volda vidaregåande skule, Høgskulen i Volda, Samskipnaden i Volda og Studentparlamentet i Volda.

Juryen hadde ein vanskeleg jobb men landa på ein idé med klar miljøprofil.

Etter at alle gruppene hadde presentert løysingane sine i plenum mot slutten av andre dagen, var det opp til juryen med Oda Skoglund (Smia Utvikling, Hornindal), Kristine Voldnes Langdal (Studentparlamentet i Volda), Magnhild Kile (Studentsamkipnaden i Volda) og Torill Engeseth (Høgskulen i Volda) å velje dei tre beste løysingane.

Vinnaren

Om vinnaren vart det sagt: Her har ein lansert ein konkret idé som i stor grad er mogeleg å gjennomføre og som kan gje fysisk og psykisk utbytte. Vi ser eit stor potensiale for dette i Volda.

Vinnarane i gruppe 8, Synnøve Årskog Valseth, Tirill Barstad Myhre, Inga Ullaland og Mathilde Øye Bueide, hadde presentert eit opplegg der innbyggjarar i Volda og studentar ved høgskulen kunne leige eller låne syklar for å kome seg rundt i studiebygda. Syklane kan utstyrast med piggdekk so dei kan brukast heile året.

Som eit apropos kan det nemnast at styret for Høgskulen i Volda same dag diskuterte parkeringsproblematikken på høgskuleområdet. Som eit tiltak for å redusere bilbruken vart nettopp utleige av syklar oppe i diskusjonen i styret!

Gode ambassadørar for Volda

Det var tydeleg at elevane ved Volda vidaregåande skule meinte at Volda hadde svært mange gode kvalitetar som fleire burde få vite om. Mange grupper var opptekne av ulike måtar å samle og presentere desse kvalitetane - kosertar, festivalar, idrettsarrangement, anna lags- og organsisajonsliv, osv. - på ein enkel og lett tilgjengeleg måte til dømes i form av app'ar på mobil.

I alle fall ser det ut som at elevane ved Volda vidaregåande skular etter desse dagane er gode ambassadørar for Høgskulen i Volda og bygda si.

Vinnargruppa med Synnøve Årskog Valseth, Tirill Barstad Myhre, Inga Ullaland og Mathilde Øye Bueide nederst. Oppe til venstre dei som tok andreplassen. Tredje beste gruppe oppe til høgre.

Del på