Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag mottok i dag FoU–prisen

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

b56156cd00513b89bb1a58cebdac0fb3Representantar frå RLK mottok i dag Fou–prisen. Frå venstre: Bente Mari Afset, Ralph Meier, Kjartan Leer-Salvesen, Birger Løvlie, Hildegunn Valen Kleive, og prorektor Marie N. Sørbø.

─ Instituttet har høg kompetanse og står for ein stor FoU-produksjon. Men det som kanskje veg tyngst er at dei har klart å bygge opp ein kultur for FoU. Instituttet har månadlege forskarseminar der alle dei tilsette kan legge fram arbeida sine og få tilbakemelding. Dette er eit godt eksempel på korleis eit heilt fagmiljø satsa på å bygge kvarandre opp, sa prorektor Marie Nedregotten Sørbø, som delte ut prisen.

Alle dei tilsette ved instituttet publiserer, og dei har etablert skriftserien Kyrkjefag profil der det i alt har blitt gitt ut 20 bøker på 12 år.

Det er andre gongen at eit fagmiljø får FoU-prisen ved Høgskulen i Volda. Første gongen var i 2011. Då fekk Historisk institutt prisen.

Del på