Internasjonal merksemd for forskingsarbeid

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Prosjektet har eit longitudinelt design og har i 20 år følgt opp sårbare unge i overgangen til vaksenliv, frå starten av vidaregåande skule på 90-talet og fram til 37-års alder i 2015. Dei to artiklane starta med eit felles symposium om forsking på livsløpsovergangar og sårbare unge på den årlege europeiske konferansen for pedagogisk forsking (ECER), i eit forskarnettverk der Høgskulen i Volda (HVO) ved Rune Kvalsund har vore med i leiinga sidan starten i 1996 - EERA Network14: Communities, families and schooling in educational research. Spesialdelen av tidsskriftet består av fire artiklar, og er eit samarbeid med dei skotske forskarane Ewelina Rydzewska, University of Glascow og Ann Pirrie, University of the West Scotland. Dei har skrive innleiingsartikkelen Transitions to and within adulthood for young people with special educational needs i samarbeid med Rune Kvalsund. Artikkelen plasserer livsløpsforskinga mellom ulike tradisjonar og perspektiv.

Ulike livsløp

Den andre artikkelen er skriven av Gerd Skjong og Jon Olav Myklebust, Men in limbo: former students with special educational needs caught between economic independence and social security independence. I artikkelen presenterer dei sju livshistorier frå ungdomar som starta i vidaregåande skule på særskilde vilkår midt på nittitalet. Under innsamling av data i 2012 var sju av mennene på NAV-tiltak. Desse sju dannar grunnlag for artikkelen. I narrative analysar har forfattarane lagt vekt på korleis livsløpet blir utforma i samspel mellom historiske forhold, demografiske vilkår, geografiske kontekstar, sosiale miljø og individuell handlingsevne. Livsløpet artar seg forskjellig over tid, og dette har konsekvensar for livskvalitet, helse og velferd. Artikkelen vil bli følgd opp med ein ny, der resultat frå tilsvarande analysar av livsløp til kvinnelege deltakarar i studien blir presenterte. I tillegg er det nyleg gjort telefonintervju med dei same kvinner og menn, og innsamla data vil seinare bli nytta for å gjere komparative analysar.

Sosial integrasjon eller isolasjon

Irene Velsvik Bele og Rune Kvalsund har skrive artikkelen A longitudinal study of social relationships and networks in the transition to and within adulthood for vulnerable young adults at ages 24, 29 and 34 years: compensation, reinforcement or cumulative disadvantages? Bele og Kvalsund følgjer i utgangspunktet 760 sårbare unge frå starten på vidaregåande og overgangar til vaksenliv tidleg og seint i tjueåra og vidare til midten av trettiåra. Dei gjer kvantitative analysar og diskuterer utfordringar knytt til mellommenneskelige, både digitale (såkalla sosiale medium) og direkte ansikt-til-ansikt relasjonar. Forfattarane undersøker kva faktorar (person-eigenskapar, skule-erfaringar, familiesituasjon, bruk av digitale medium) som påverkar deltakarane sine sosiale nettverks-relasjonar i ulike fasar av vaksenlivet, etter kvart som den sosiale konteksten endrar seg. Søkelyset er særleg innretta mot å forklare mønster i den sosiale tilpassinga.

Autismespektervanskar

Denne artikkelen er etterfølgd av refleksjonar over utfordringane med tilpassa fungering for vaksne med autismespektervanskar [Autism Specter Disorders, (ASD)] av Ewelina Rydzewska, ein forskar som ikkje er med i prosjektet «Sårbar ungdom», men som HVO-forskarane har samarbeidd med. Hennar artikkel bygger på data frå 12 personar i alderen 16-43 år som har ASD og to fokus-gruppe-intervju med 8 familie-medlemmar som blir påverka av ASD. Det er lagd særskild vekt på å analysere verknaden tilpassa tiltak mot utfordringane har på trivsel og livskvalitet for vaksne med ASD.

Vidarefører forskinga

Arbeidet med prosjektet Sårbare unge og Gruppe for livsløpsforsking ved ISF vil bli vidareført, sjølv siste datainnsamling er no gjennomført.Fleire publikasjonar står for tur. Forskarane i gruppa skriv i første omgang kvar sin vitskaplege artikkel der dei i all hovudsak nyttar data frå siste innsamlinga (2015). Intensjonen er at eit utkast til desse artiklane blir presenterte på ECER 2017, som  blir arrangert i København. Artiklane skal vere klar for publisering hausten 2017.

90ab43a2060c23c6d55f5766897798cf
Professor Rune Kvalsund (f.v), førstelektor Vidar Myklebust, professor Irene Bele, høgskulelektor Gerd Skjong, professor Jon Olav Myklebust og stipendiat Emmy Elisabeth Langøy. Høgskulelektor Eli Fjeldseth Røys og professor Finn Ove Båtevik er også med i prosjektet, men var ikkje til stades då bilete blei teke.

Neste steget er at det blir laga ei eiga bok basert på erfaringane frå prosjekta. Denne boka vil samle erfaringar frå tema som tidlegare har vore tekne opp i ei lang rekkje artiklar. Boka vil gjennom 9 kapittel dekkje ulike tema ved overgangen frå vaksenliv for tidlegare særvilkårselevar. Forfattarane vil være dei fire som alt er nemnde, i tillegg til Eli Fjeldseth Røys, Emmy Langøy, Vidar Myklebust og Finn Ove Båtevik. Redaktørane skal dessutan skrive tre perspektivkapittel. Boka vil summere opp arbeidet med livsløpsforsking ved ISF gjennom dette prosjektet som har vore i arbeid i meir enn 20 år, og ho skal vere ferdig i 2018. Førebels har boka arbeidstittelen Med ‘livet’ som innsats.Sårbar ungdoms tilpassing gjennom livsløpet. Resultat frå eit longitudinelt forskingsprosjekt (1995-2015). Gjennom denne boka vert arbeidet presentert samla, og i nynorsk språkdrakt.

Del på