Internasjonal PhD-grad om barn, ungdom og media

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Simonnes blei i 1996  av same universitet  tildelt den praktisk teologiske graden Doctor of Ministry gjennom ei avhandling, When Children are at Risk, som handlar  om ulike strategiar for å hjelpe barn og unge  i risikosona.  No har altså Simonnes laga avhandling innan eit heilt anna felt.

Simonnnes
Asbjørn Simonnes.

- Eg starta på dette nye studiefeltet  om barn og media i 1996 ved Fuller Seminary, og skreiv doktoravhandling om korleis barn og unge kan møte media  på ein konstruktiv måte som t.d. gjennom å få innblikk i ”media literacy”prinsipp. 

- Det handlar vidare  om kommunikasjon og om barns identitets- og karakterutvikling sett opp mot påvirkninga frå den globaliserte massemediaindustrien, seier Simonnes, som har spesialisert seg på barn og unges oppvekstvilkår.

Tilsvarar norsk doktorgrad
- PhD i eit internasonalt akkrediteringssystem kan svare til ei norsk doktorgrad.  PhD-graden vert no etterkvart  innført i Noreg i det nye gradssystemet, så denne graden blir nok meir vanleg også her ved Høgskulen i Volda, seier Simonnes

Del på