Jan Inge Sørbø med Olav Aukrust-biografi

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

fd7663f9daff370fb554081447c85819732ae77cLanseringa føregår på Litteraturhuset i Oslo.

Den særprega tittelen er det Sørbø sjølv som står for: - Eg har nok laga han sjølv, men ut frå to sentrale bilde hos Aukrust: Ørna som siglar over himmelvarden, og ormen som er nedst i hans univers. Det er sterke spenningar hos han, krasse motsetnader.

Olav Aukrust (1883–1929) var av gamal bondeætt i Lom og budde det meste av sitt korte liv i Gudbrandsdalen. Etter få, men monumentale diktsamlingar vart han nærast geniforklart. Han var inspirert av Rudolf Steiner, og trass i dårleg helse arbeidde den markante og myteomspunne diktaren i mange år som folkehøgskulelærar.

Til hans mest kjente dikt høyrer "Ei naki grein", "Aktion på Tande", "Bilbeistet", "Einsleg", "Emne", "Still meg ei storvengka sorg overskygde", "Bøn" og "Fjell-Norig".

På spørsmål om kvifor han har gitt seg i kast med ei heil livsskildring, svarar Sørbø at Aukrust er ein diktar det er svært lite kunnskap om, og han utdjupar: - Medan t.d. Bjørnson, Wergeland, Jonsson, Hamsun og andre er omtala ned til dei minste detaljar, er omtalen av biografien til Aukrust berre å finna i innleiingar og små innslag i større verk om dikta hans. Han har på ein måte forsvunne bak dikta, og sidan dikta har ein eldre språktone og er ganske høgtidelege, blir personen heilt borte. Det gjer at ein ikkje ser kor levande dikta faktisk er. Så er han ein svært fascinerande og mangfaldig person. Dei som møtte han, fortel om det med stjerner i augo i tiår etterpå.

Sørbø, som er ein røynd biograf, har fått tilgang til mykje nytt materiale, og han skriv m.a. om korleis poeten Aukrusts innfløkte familie- og kjærleiksliv har sett sine spor i diktinga.

 - Eg har hatt tilgang til brev som ingen har lese før, anna enn dei som fekk dei. Aukrust skreiv glødande kjærleiksbrev, og svært mange av dei var adressert til "den andre kvinna". Han separerte seg frå kona for å gifte seg med den andre, men ombestemte seg. Det er voldsomme kjensler i sving her, og noko av dette slår nok inn i dikta også.

Jan Inge Sørbø er professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

Han er ein allsidig forfattarda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b som har gitt ut både diktsamlingar, romanar og fagbøker. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar basert på liva til Alexander Kielland, Ludwig van Beethoven og Fartein Valen.

8dbc57d6579c4b92ec0941711335f6164f3fd102

 21. september, under Forskingsdagane i Volda,  vil Jan Inge Sørbø halde eit foredrag om Olav Aukrust.

Del på