Kan endre synet på kondisjonstrening

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det er ikkje godt nok dokumentert kva for treningsform som gir best resultat når det gjeld uthald, fortel Kjetil Høydal. Han er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, og skal i samarbeid med lektor Eli Karin Sjåstad Åsebø og overlege ved Volda sjukehus, Svein Hareide, no sjå på verknaden av uthaldstrening med ulik intensitet og varigheit.

Kva treningsform gir best effekt?
Det er fleire faktorar som påverkar kor effektivt ein arbeider. Maksimalt oksygenopptak er saman med arbeidsøkonomi og anaerob terskel avgjerande for å prestere innan uthaldsidrett.
- Målet med studien er å undersøke om forlenga varigheit, det vil seie låg intensitet over lenger tid, kan kompensere for høg intensitet ved uthaldstrening, og gi like god effekt på uthald, forklarar Høydal.

Ser på ulike helseparameter
Fysisk kapasitet er ein sterk indikator på helsestatus, og det er kjent at trening er viktig i førebygging av livsstilssjukdomar som diabetes type 2 og hjerte- og karsjukdom.
- Vi ønskjer å undersøke kva for effekt trening med ulik varigheit og intensitet har på ulike helseparameter som maksimalt oksygenopptak, helseparameter i blod, hjerte og blodårefunksjon, utdjupar han. 

969c0fc252a29e8368d40dba9a28b25905fdfbab
KAN ENDRE SYNET PÅ TRENING:
Gjennom forskingsprosjektet håpar Kjetil Høydal å finne ut om trening over lang tid med låg intensitet, gir betre uthald enn korte treningsøkter med høg intensitet.
(Foto: Birgitte Bøen)

Fysisk aktivitet gir god helse

- Vi veit at fysisk aktivitet er viktig for god helse. Difor er det interessant å studere kva som motiverer folk til og kome i gang med trening, korleis sjølve treninga blir opplevd, samt kva som motiverer til å fortsette med trening, seier førsteamanuensisen.

Meir enn berre fysiske gevinstar?
Anbefalingane for fysisk aktivitet vert ofte gitt på bakgrunn av fysiologiske studiar, der fysiologisk effekt av ulik type trening og sikkerheit vert vektlagt.
- I tillegg til kunnskap om fysiologisk effekt av uthaldstrening med ulik intensitet og varigheit, er det interessant å vite meir om korleis denne treninga opplevast og kva som gir motivasjon til å halde fram med trening, avsluttar Høydal.

Blir delt inn i to grupper
For å undersøke dette, treng prosjektet å rekruttere om lag 20 til 30 personar. 
Deltakarane vil bli tilfeldig plassert i anten ei gruppe som skal trene langintervall med høg intensitet eller langkjøring med lav intensitet.

Lyst å bli med?
For å kunne vere med i studien, må du vere:

  • mellom 18 og 30 år
  • ikkje-røykjer
  • frisk

Dersom du ønskjer å delta i prosjektet kan du ta kontakt med Kjetil Høydal.
Kontortelefon: 70 07 53 94 (mellom klokka 08:00 og 16:00)
Mobiltelefon: 975 11 083
E-post: kjetilho@hivolda.no 

Sjå eige skjema for påmelding her 

Del på