Karen Brænne disputerer fredag 11. desember

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prøveforelesing 11. desember kl. 10:

Kvalitetsnormer og vurderingskriterium. Utfordringar i forhold til ny verdsetjingspraksis i lærarutdanninga.

Disputas 11. desember kl. 12:

Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverksfaget.

Komiteen er samansett av 1. opponent professor Hilde Aga Ulvestad, Høgskolen i Telemark, 2. opponent førsteamanuensis Frøydis Oma Ohnstad, Høgskolen i Oslo og professor Per Farstad, Høgskolen i Telemark (administrator).

Meir om disputasen her, dessutan på AHOs nettsiderda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b.

Karen Brænne er utdanna faglærar i forming og har hovudfag i forming frå Høgskolen i Oslo. Ho har fleire års undervisningserfaring frå allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, og ho arbeider no ved same institusjon i seksjon for kunst og handverk, Avdeling for kulturfag.

Omtale av avhandlinga:

Med ein case frå norsk allmennlærarutdanning som kjeldegrunnlag gjev denne avhandlinga innsikt i korleis lærarar og studentar verdset ulike sider ved den skapande verksemda. Verdsetjingskonstruksjonane vert drøfta ut frå sosiale og historiske føresetnader. Fleire former for ambivalensar vert synlege i empirien, der tilhøve mellom intensjonar og praktisering – tilhøve mellom ord og handling, er eit kjernepunkt. Originalitets- og autensitetsimperativet pregar intensjonane, medan praktiseringa speglar felles konvensjonar: studentarbeida viser tydlege referansar til konkretiseringar frå lærarhald, og har også internt slektskap.

Eit anna hovudmoment ved drøftinga vert omtalt som Individualismetendensen. Gjennom ein historisk inngang belyser teksten korleis fleire røyster held på eit individ-frigjeringsprosjekt, som har røter attende til byrjinga av 1900-talet. Opposisjonen til eit kollektivt og lite humant disiplineringsideal var stor. Spørsmålet vert kor lenge ein slik opposisjon skal vare, og om andre opprør vert nødvendige ettersom den opphavlege opposisjonen vert til nye ideologiske prosjekt og vedtekne sanningar.

Del på