Kjetil Laurits Høydal med doktordisputas tysdag.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tidspunkt og stad for prøveforelesinga:
Prøveforelesinga er 17 juni kl. 10.15

«Effect of high intensity aerobic training in health and coronary artery disease. The importance of intensity, duration and frequency of training».

Tidspunkt og stad for disputasen:
Tysdag 17. juni 2008, kl. 12.15. Auditoriet, Medisinsk teknisk forskningssenter.

Opponentar under disputasen er:

  • 1. opponent: Russel Richardson, San Diego University 
  • 2. opponent: Hilde Grindvik Nielsen, Forskingsrådet
  • Den tredje medlemmen i komiteen er Gunnar Leivset, NTNU


Alle interesserte er velkomne.

Samandrag:
Dei tre faktorane som bestemmer ein uthaldsprestasjon er maksimalt oksygen opptak, arbeidsøkonomi eller mekanisk effektivitet og laktat terskel. Maksimalt oksygen opptak er dessutan anerkjent som ein viktig prediktor for død uansett årsak. Å utvikle effektive treningsmetodar er difor viktig både i primær og sekunder førebygging av hjarte- og kar samt andre livsstilsrelaterte sjukdommar. Hovudmålet for denne avhandlinga var å undersøke samanhengen mellom dei tre faktorane som er avgjerande for aerobt uthald og verknaden av intensitet varigheit og frekvens på trening.

Funna i avhandlinga synte at aerob trening med høg intensitet betra maksimalt oksygenopptak i større grad enn trening på lav og moderat intensitet. Auke i maksimalt oksygen opptak er forbunde med auka slagvolum både hjå friske og hjå pasientar med kransarterie sjukdom. Arbeidsøkonomi betra seg i same grad i alle treningsgruppene uavhengig av treningsintensitet. Både pasientar med kransarteriesjukdom samt pasientar med kronisk obstruktiv lungesjukdom har redusert mekanisk effektivitet ved gange samanlikna med friske. Uthaldstrening utført som gange normaliserte mekanisk gang effektivitet hjå pasientar med kransarterie sjukdom i forhold til friske. Auka frekvens på trening gav same effekt per trening både for maksimalt oksygen opptak og mekanisk effektivitet.

Hovudkonklusjonane er at uthaldstrening med høg aerob intensitet mellom 85 og 95 % av maksimal hjertefrekvens utført som intervall er mest effektivt med tanke på å auke maksimalt oksygen opptak. Auka i maksimalt oksygen opptak er relatert til auke i slagvolum både hjå friske og hjå pasientar med kransarterie sjukdom. Effekten av trening er i stor grad relatert til intensitet og frekvens på trening. Uthaldstrening utført som gange betrar arbeidsøkonomi og mekanisk gang effektivitet hos pasientar med kransarteriesjukdom. Betring av arbeidsøkonomi eller mekanisk effektivitet er relatert til varigheit ved utføring av ei spesiell rørsle.

Personalia:

Kjetil Laurits Høydal (31) kjem frå Volda.  Han er tilsett som høgskulelektor ved Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Han tok mastergrad i idrettsfysiologi ved NTNU frå 2002-04. Arbeidet med doktoravhandlinga er knytt til Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk ved NTNU. Rettleiarar har vore Jan Hoff (hovudrettleiar) og Jan Helgerud (birettleiar).

Kontaktperson:

Kjetil Laurits Høydal, e-post: KjetilHo@hivolda.no, tlf: 700 753 94

Del på