På forskingsopphald i Michigan

– Dersom du går med ein draum om å reise på utanlandsopphald: Grip sjansen! Oppmodinga kjem frå ph.d.-stipendiat Veronica Kvalen Pilskog, som akkurat no er på eit spennande forskingsopphald i Midtvesten.

Veronica Kvalen Pilskog på utanlandsopphald i Michigan.

Ph.d.-stipendiat Veronica Kvalen Pilskog utanfor inngangspartiet til Michigan State University College of Communication Arts and Sciences, der ho held til under utanlandsopphaldet sitt.

Tekst: Webmaster Volda, Foto: Foto: privat

- Oppdatert

Del på:

Denne teksten er skriven av ph.d.-stipendiat Veronica Kvalen Pilskog.

I skrivande stund sit eg på ein kafé i East Lansing, Michigan, der eg er på eit sju vekers forskingsopphald ved Michigan State University (MSU). Opphaldet er ein del av arbeidet med doktorgraden min i forskingskommunikasjon, og eg er svært takksam for at Høgskulen i Volda (HVO) har gitt meg høve til dette gjennom eit stipend. Her deler eg nokre inntrykk og erfaringar frå opphaldet mitt så langt.

Michigan State University er eit av USAs største offentlege universitet – med over 50 000 studentar og tusenvis av tilsette. Universitetsområdet liknar ein liten by, med eigne busslinjer, politi og til og med ein isbar. Her er det krav om at alle studentar dei første to åra må bu på høgskuleområdet. Etter snart tre veker oppdagar eg framleis nye bygningar. Kanskje ikkje så rart når universitetsområdet dekker 5200 acres – det vil seie meir enn 21 kvadratkilometer. Eg er glad for gode sko og Google Maps.

Eg er tilknytt avdelinga Advertising + Public Relations ved College of Communication Arts and Sciences – ei av dei mest etablerte og anerkjente kommunikasjonsavdelingane i USA. Reklameprogrammet blei etablert allereie i 1958, og avdelinga har sidan den gong utvikla seg til å bli eit leiande internasjonalt fagmiljø. I dag er avdelinga særleg sterk innan strategisk kommunikasjon, helsekommunikasjon og forskingskommunikasjon.

Eg har base i laben til professor John C. Besley, som også er kontaktpersonen min. I ein av våre første samtalar sa han tydeleg at det fanst meir «eksotiske» destinasjonar for eit forskingsopphald. Men eg er svært glad for at eg landa på å søke meg akkurat hit. Fagleg kunne det knapt vore betre.

Det faglege miljøet har imponert meg frå første dag. Å vere omgitt av så mange dyktige og engasjerte fagfolk gir stor inspirasjon. Allereie i løpet av den første veka sette eg og Besley oss ned for å legge ein plan. No har vi starta arbeidet med eit kommunikasjonseksperiment som skal munne ut i ein vitskapleg artikkel – eit samarbeid som ikkje hadde blitt til utan å fysisk vere her. Det å kunne sitje i same rom, diskutere idear og få respons frå ein av dei fremste i verda på fagfeltet – det er ganske kult.

Eg har også hatt gleda av å delta i nokre av undervisningstimane til fleire av dei tilsette. Det har vore lærerikt å sjå korleis dei engasjerer studentane i timane og legg til rette for refleksjon og diskusjon. Noko som var ekstra kjekt å oppdage, var at dei her – akkurat som vi i Volda – legg vekt på å ta studentane med ut av klasserommet. Dei arrangerer mellom anna turar til Chicago og New York, der studentane får møte kommunikasjonsmiljø i praksis. Det er akkurat som studieturane som blir arrangert for PR-studentane ved HVO, som årleg reiser til Oslo. Fint å sjå at det vi gjer heime står seg godt i ein internasjonal samanheng.

Dersom du går med ein draum om å reise på utanlandsopphald: Grip sjansen! Ta kontakt med eit fagmiljø du er nysgjerrig på, søk støtteordningar, og ver open for det som kjem. Berre i løpet av dei første tre vekene har opphaldet gitt meg utvida fagleg nettverk, nye perspektiv – og eg kjem til å reise heim med idear, prosjekt og samarbeid eg ikkje visste at eg kom til å få. Plutseleg er det du som sit på flyet med sommarfuglar i magen.

Varm helsing frå

East Lansing, Michigan

Del på: