Korleis opplever flyktningane å koma hit?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Arbeidsrapporten gir ein brei presentasjon og dokumentasjon av prosjektet Trivsel og integrasjon blant etniske minoritetar i Møre og Romsdal. Den er hovudsakleg ein dokumentasjonsrapport for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Undersøkinga er gjort i to kommunar; ei bygdekommune og ei bykommune i Møre og Romsdal. Rapporten presenterer funn og observasjonar basert på intervju og observerande deltaking blant 34 afghanske og somaliske flyktninger (19 kvinner og 15 menn).

Trivsel og tryggleik

Funn i undersøkinga kan tyde på at djup og varig integrasjon for informantane dreier seg om trivsel i kvardagen. Først og fremst gjennom å kunne trygge tilværet for familie og slekt, anten dei bur i heimlandet eller i Noreg. Trivsel dreiar seg òg om å få vere saman med sine nærmaste, som er glad i ein og verdset ein for den personen ein er. For dei fleste av informantane, handla det òg om å bli sett av sine norske omgjevnadar,i tydinga av å verte respekterte med bakgrunn i eigenverd og dialog. For flyktningar som for etniske nordmenn flest, er det å kjenne seg fri, ofte knytt til det å vere sjølvhjelpne, både økonomisk og funksjonelt. Å vere sjølvhjelpne ga dei ei oppleving av å ha rimeleg kontroll på eigne liv gjennom å kunne gjere eigne val. Med andre ord; å ha utviklingsrom for den personen ein er. Alle informantane i undersøkinga settearbeid som viktigaste føresetnad for eit slik utviklingsrom – og dermed også som viktig føresetnad for integrasjon i det norske samfunnet.

Utviklingsromet til flyktningane

Andre funn igjen kan tyde på at ein grunnleggjande mangel på eit slik utviklingsrom,kan føre til desintegrerande prosessar og risiko for å bli ekskludert eller flytte seg mot ein posisjon i ytterkantane av både eiga etniske gruppe og majoritetssamfunnet (marginalisering).

Dei som ikkje kjem til orde

Rapporten presenterer minoritetane sitt syn på eigen livssituasjon, og kva dei ser på som viktige faktorar i ein integrasjonsprosess. Hovudinformantane representerer nemleg grupper som i mange samanhengar kan ha vanskar med å kome til orde; ikkje minst i ein offentleg diskusjon om integrering. Samstundes har mange andre grupper, som kommunalt tilsette, politikarar og media, gjerne sterke oppfatningar om korleis situasjonen til flyktningane er – og bør vere.

Integrasjon

Rapporten tek opp prosessar som kan gi moglege forklaringar påkvifor etniske minoritetar er fråverande påein del sentrale arenaer i lokalsamfunna. Rapporten nyanserer også integrasjonsomgrepet. Det vert gjort ved å trekke inn perspektiv frå kulturforsking knytt til den etnisk norske majoriteten, oggjennom å vise kva det kan ha å seie ikkje berre om, men også kvar flyktningane er integrerte – i minoritetskulturen eller i majoritetskulturen?

Rapporten tek også opp nokre strukturelle trekk ved bygd og by som kan sjå ut til å ha ein viss innverknad på integrasjonsprosessen.

Rapporten er utgitt ved Møreforsking Volda og kan tingast ved Haugen Bok eller Gnist Møre (e-post)

Del på