Kristin Kibsgaard Sjøhelle har disputert ved UiO

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

e996df5686cf220481808f3ef8691aa6
Kristin Kibsgaard Sjøhelle (nr. tre f.v.) etter disputasen i Oslo.

Avhandlinga har sidemålsopplæring på nynorsk i vidaregåande trinn som emne og høyrer til under fagfeltet norskdidaktikk. Monografien undersøker og dokumenter korleis nynorsk som bruksspråk kan fungere som innfallsvinkel for sidemålsopplæringa, og har følgande hovudproblemstilling: Kva kjenneteiknar skrivestrategiane til eit utval bokmålselevar på vidaregåande trinn når dei nyttar nynorsk som bruksspråk i norskfaget, og på kva måte får desse strategiane innverknad på arbeidet deira med nynorsk som sidemål?

Studien tar utgangspunkt ein formativ intervensjon i ei VG3-klasse. Elevar og lærar nytta nynorsk som bruksspråk i digitale tekstar og papirbaserte tekstar i norskundervisninga gjennom eit skoleår. I løpet av prosjektperioden har Kibsgaard Sjøhelle studert korleis elevane reflekterte rundt eiga skriving på nynorsk i formelle og uformelle tekstar, kva skrivestrategiar og skrivehjelp dei støtta seg til, og kva læringsutbytte dei opplevde at dei hadde gjennom året. Empirien er henta inn gjennom kvalitative metodar.

Hovudfunna frå studien er at elevane nyttar fleire ulike strategiar for å skrive god nynorsk i forskjellige fasar av skrivinga, og at det å nytte nynorsk i både formelle og uformelle tekstar aktiverer fleire skrivestrategiar hos elevane. Elevane opplever likevel vinsten av å skrive formelle og uformelle tekstar på nynorsk svært forskjellig. Studien syner likevel eit potensiale i å arbeide med skrivestrategiar i sidemålsarbeidet, som er tilpassa elevane i ulike fasar av skrivinga.

Eit viktig bidrag med studien er å prøve ut og dokumentere ein arbeidsmåte som legg til rette for å gjere nynorsk som sidemål til ein meir aktiv og bruksorientert del av norskfaget. Den koplar nynorskopplæringa til forsking på skrivestrategiar og språkbadspedagogikk, og kastar lys over både moglegheiter og utfordringar ved å nytte nynorsk som bruksspråk i sidemålsarbeidet.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til Universitetet i Oslo finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Kristin Kibsgaard Sjøhelle.

Del på