Kulturproduksjon i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Senter for kulturproduksjon og kulturformidling skal i samarbeid med kunstnarar og andre lage kulturproduksjonar som skal sikre elevane i norsk skule årlege opplevingar innan teater, dans, bildekunst/kunsthandverk, litteratur (i tillegg til musikk som blir sikra gjennom Rikskonsertane). Det er fylkeskommunane som gjennom midlar frå den Kulturelle skulesekken som syter for at produksjonane kjem ut til elevane.

 

janogsigne-meld
Signe Valsø og Jan Driveklepp.

- No vil prosjektgruppa aktivt gå ut og invitere kunstnarar og fagfolk til Volda for å lage slike produksjonar. I to år har vi i mindre skala prøvt dette gjennom Prøvekluten I og II. No vil vi ha aktivitet gjennom heile året, seier Driveklepp.

Jan Driveklepp kan opplyse at senteret i Volda til no er det einaste av sitt slag i landet. Ein ser for seg at produksjonsarbeidet skal gå føre seg i lokalitetar i det nye kultur- og kompetansesenteret i Volda.

- Fordelen med Volda er at Høgskulen i Volda har brei kompetanse på sentrale fagfelt som drama, musikk, visuell kunst, animasjon og ikkje minst fagdidaktisk kompetanse. Kompetente fagfolk frå høgskulen skal syte for kvalitetssikring av produksjonane, seier han.

Leiar for kontoret for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda, Signe Valsø, seier at senteret har ambisjonar om nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt for produksjonane.

- Produksjonar som har blitt laga i samband med Prøvekluten har alt vore ute på turne i regi av Den kulturelle skulesekken, seier ho.

Del på