Kunnskapsminister Djupedal på visitt ved HVO: - Høgskulen er ein motor i distriktet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Først ute på møtet var leiar for Nynorsksenteret, Anne Steinsvik Nordal, som orienterte om etableringa og utviklinga ved senteret. Nordal understreka samarbeidet med Høgskulen i Volda og samstundes at nynorsksenteret er eit nasjonalt senter.

Rektor Gunnar Stave orienterte om dei strategiske satsingane ved Høgskulen i Volda, og om dei største utfordringane høgskulen har i ein marknad med sterkare konkurranse både om studentar og fagfolk.

Prodekan Hunnes tok for seg allmennlærarutdanninga ved HVO i lys av NOKUT-rapporten (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Hunnes hadde mykje på hjartet, og synest det er både er skremmande og godt å verte evaluert.

 

- Skremmande fordi ein då får sjå brestane i systemet, og godt fordi nokon er interessert i utdanninga vår, sa Hunnes, og la til at dette er ein viktig bevisstgjeringsprosess.

Hunnes tok for seg to element i avdelinga, nemleg Forsking og Utvikling (FoU) og praksis. Rapporten seier at ein har ein omfattande og yrkesmessig forsking, men at arbeidshøve er skeivfordelte. Dette er noko vi eigentleg har visst bra lenge, sa Hunnes.

Prodekanen skisserte opp tiltak som å senke terskelen, ha trykk på planlegging og rapportar, kombinere prosjekt, og ha meir studentdeltaking.

I praksisdelen er det behov for meir systematikk. Det vil seie meir skriftlege retningsliner, skriftleg evaluering, og møteplassar. Ein ønskjer å gjere praksisen mindre personorientert.

hunnes520 

Prodekan Odd Ragnar Hunnes i allmennlærarutdanninga orienterte kunnskapsminsteren om utfordringar i avdelinga hans i lys av NOKUT-rapporten og Kunnskapsløftet.

Senter for kulturproduksjon i Volda

Rektor Gunnar Stave hadde så ei ein appell for planar om eit senter for kulturproduksjon og kulturformidling i Volda, spesielt knytt opp til den kulturelle skulesekken.

- Det er snakk om å skape ein arena for kunstnarar, sa Stave. Han la vekt på at denne gruppa er kapitalfattig, og at det difor er naudsynt for dei å ha ein slik arena.

Høgskulen si rolle skal vere som tilretteleggar, samstundes som kunstnarane skal få tilgang til den relevante kompetansen som finnest hos dei tilsette ved HVO.

- Det trengs ein plass der desse kunstnarane kan møtest. Produksjonssenteret skal vere eit levande produksjonsmiljø, ein arena som stimulerer til utprøving og kreativitet, sa Stave.

- Men det er eit minefelt vi går i no. Vi vil på ingen måte utfordre nokon, vi vil berre vere eit supplement, understreka Stave.

Stave la også fram dokumentasjon på at det er eit reelt behov for dette, i form av den såkalla Prøvekluten. Tilbakemeldingane ein får frå kulturarbeidarane er at dette er noko ein treng.

 

Sett pris på initiativet

Kunnskapsminister Djupedal kvitterte med å seie at han set pris på initiativet, men at han ikkje kan love midlar i det heile.

- Noko anna hadde vore direkte uansvarleg av meg, sa Djupedal.

Djupedal sa avslutningsvis, på vegne av departementet, at han synest det er eit privilegium å få reise rundt i landet og sjå utdanningsinstitusjonane.

- Eg har gledd meg til å kome til Volda, for eg har faktisk aldri vore her før.

- Vi veit godt kor viktig høgskulane i landet er,og kor viktig Høgskulen i Volda er. Den er ein motor i distriktet her.

Men Djupedal understreka at veldig mykje av utfordringane til HVO ligg i sjølve institusjonen.

- Vi er alle klar over utfordringane med strykprosent og studieproduksjon, sa Djupedal.

djupedal_nordal_stave

Kunnskapsminsiter Djupedal, leiar for Nynorksenteret, Anne Steinsvik Nordal, og rektor Gunnar Stave i møte i formiddag.

Del på