Kvalsund med internasjonal handbok

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

?hash=0222619ed0365b0c1ad904918580c8ab

Boka har tittelen Life in Schools and Classroms. Past, present and future, og er på 690 sider fordelt på 40 kapittel. Denne boka er bind 38 i SPRINGER Book Series: Education in the Asia-Pacific Region: Issues, Concerns and Prospects. Serien er utdjupande tillegg tilHandbook of Educational Research in the Asia-Pacific Region, på Springer forlag og presenterer pedagogisk forsking i den asiatiske stillehav-området i lys frå pedagogisk forsking i andre deler av verda. Dr Rupert MacLean er redaktør. Han er tilsett ved Office of applied Research and Innovation, College of the Noth Atlantic-Quatar i Doha Quatar og har stilling som UNESCO Chair on TVET (Technical, Vocational Education and Training) and Sustainable Development, Coordinator, UNESCO-UNEVOC Centre for Qatar.

– Like viktig som formell læring 

Boka legg til grunn at like viktig som formell læring er uformell læring gjennom livet i klasserom, i skule og lokalsamfunn, den uformelle læringa i brei forstand og den livslange læringa. Dette bandet i serien gir eit forskingsbasert bilete av livet i klasserom og skule både når det gjeld tidlegare, samtidige og framtidige praksisar og perspektiv. Boka presenterer forskingsforankra kunnskap frå eit brei gruppe av framståande forskarar, politikarar og praktiserande lærarar frå mange ulike  deler av verda. Kapitla i boka fordeler seg på ulike tema som t.d.  1.Endringar i systematisk klasseroms-observasjon; 2.Har klasserom endra seg? Undervisning i ulike kulturelle kontekstar; 3. Endra undervisning? – Skule-leiarskap og profesjonsutvikling; 4. Endra undervisning? – Å understøtte praksisfellesskap; 5. Psykologiske og sosiale sider ved unge personars utvikling; 6.Vurdering og testing av elevars læring; 7. Påverknad frå ny teknologi.

Sosial læring

Kvalsund sitt kapittel har tittelen Sosial læring i norske klasserom og skular: Pedagogisk forsking i perspektiv. Det gir eit oversyn over sosial læring dei siste tiåra på to strategiske nivå klasserom/skule og skule/lokalsamfunn og held dette saman med kva analytisk og strategisk retning praksisar og forsking er retta mot: forbetring av etablert praksisar eller nye løysingar. Fortalt med stikkord tar kapitlet opp formell og uformell sosial læring, strategiar for sosial læring; læring ved formidling og læring ved deltaking; sosiale nettverk, livsløpsovergangar; sosial integrasjon  og segregering; ‘alderisme’ og læring i aldersblanda grupper; lærarolle – og barns stemme i pedagogisk forsking. Kapitlet er det tredje i boka og det første under Hovuddel II. Historiske og internasjonale perspektiv.

Festskrift

I tillegg til å vere eit tungt fagleg bidrag til praksisorientert forsking om korleis vi betre kan forstå livet i skular og klasserom er boka også eit festskrift til professor Maurice Galton ved Universitetet i Cambridge som heiders for det omfattande bidraget han har gitt gjennom meir en 50 år, både i Storbritannia og internasjonalt, til dette viktige forskings- og praksis-feltet. Bidragsytarane til dette festskriftet er tidlegare studentar, forskarar han har samarbeidd med eller fagfolk som er påverka av hans grunnleggande arbeid på feltet.

Del på