Kvar var kvinnene? Voldaforskar i EU-finansiert litteraturhistorieprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Føremålet med prosjektet er å etablere eit nettverk for forsking på skrivande kvinner før 1900, og å legge grunnlaget for nyskriving av litteratur- og kulturhistoria ut frå dei funn ein gjer.

Så langt er 17 europeiske land med, og i tillegg samarbeider ein med forskarar frå t.d. USA og Canada. Første styremøte var i Brüssel i oktober, og første arbeidsmøte i Haag i november. Arbeidet skal gå over fire år, og sentralt står etablering av felles database og samordning med tidlegare nasjonale databasar. Prosjektet, som i EU-terminologi er ein COST-aksjonda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b (European Cooperation in Science and Technology), finansierer ikkje sjølve forskinga i kvart land, men derimot nettverket mellom dei. Ein håper å kunne knytte til seg fleire interesserte forskarar etter kvart.

– Særpreget til denne aksjonen er fokuset på resepsjon, fortel Sørbø. – Ein tek altså utgangspunkt ikkje berre i kvinnelege forfattarskap, men også i kvinner som var omsetjarar, kritikarar eller på anna vis lesarar av andre kvinners skrifter, og sjølvsagt også korleis menn omtalte kvinner. Kva hende med kvinnene i løpet av kanoniseringsprosessane, og kvifor fell mange ut? Det er ikkje minst interessant å samanlikne funna frå ulike land for å sjå felles mønster, og også for å finne ut i kor stor grad skrivande kvinner påverka kvarandre over landegrensene.

Marie Nedregotten Sørbø fortel begeistra om kva muligheiter ho får i eit slik nettverk:
– Det er fantastisk å møte fagfolk frå så mange ulike land som er opptekne av det same. Vi let oss inspirere av kvarandre, og vi knyter kontaktar som gir oss eit vidare perspektiv enn det vår eigen vesle institusjon kan tilby. Vi samarbeider også konkret om delprosjekt, organisert i ulike arbeidsgrupper. Nokre av oss skal i komande halvår sjå spesielt på paratekstar (alt som er utanom sjølve bokteksten) i omsetjingar av kvinner. 

df012ec1d6ba89cb5e66ad007e000c25ba166ba4

Frå første styremøte i COST-nettverket i Brüssel i oktober; Sørbø heilt til høgre i bildet.

Sørbø disputerte i januar i år med avhandlinga Jane Austen's Irony as Received in Film Adaptationsda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b, men ho har ikkje gitt slepp på Austen etter det: – For tida arbeider eg med eit bokmanus om dei norske omsetjingane av Jane Austen, fortel ho. – Det har vore laga fire heilt ulike omsetjingar av romanen Pride and Prejudice oppigjennom tidene, og ei samanlikning av desse seier oss mykje om kva slags bilde omsetjarane hadde av Austen. Omsetjingsanalyser er eit komande fagfelt, og eit som er spesielt relevant for den nye COST-aksjonen. I mange høve kan ein sjå korleis ein omsetjar pressar forfattaren inn i si eiga form; omskaper henne i eige eller samtidas bilde. Til dømes har omsetjingane av Jane Austen i ulike land skapt eit bilde av ein romantisk underhaldningsforfattar og ofte underslått den ironisk-kritiske forteljarstemma.

Marie Nedregotten Sørbø er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda og underviser i engelsk litteratur. Sørbø har også tidlegare tatt del i eit internasjonalt forskingssamarbeid som resulterte i boka The Reception of Jane Austen in Europeda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b (2007). Ho skreiv her kapitlet om den norske resepsjonen: korleis Austen har vore omsett, omtalt og brukt her i landet.

Les også intervju med Marie Nedregotten Sørbø om Jane Austens ironi på forskning.noda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b.

Del på