Løftar fisk- og kysthistoria fram i lyset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Eksport av fisk og fiskeprodukt har lenge vore blant dei viktigaste eksportvarene frå Noreg. Likevel finnes det i dag inga samla framstilling av rolla fiskerinæringa har hatt for samfunnet. For å bøte på dette, skal det no lagast eit verk i fem bind om Norges fiskeri- og kysthistorie.

de1d60c2adee5c41b18ecaa40619da6f29a95b4e
SKRIV BOK: Professor Arnljot Løseth, professor Atle Døssland og stipendiat Trudi Moniz skal sjå nærare på kva eksport av fisk har hatt å seie for Noregshistoria.
(Foto: Birgitte Bøen)

Gler seg
Ein av redaktørane er professor Atle Døssland ved Høgskulen i Volda. Med seg på laget har han blant anne kollega Arnljot Løseth. Dei har medverka til fleire historiske verk tidlegare, blant anna «Havfiskeflåten si historie». No skal dei sjå eksportnæringa under lupa, og Døssland gler seg.
– Det finnes mykje spanande i historia og korleis utviklinga i fiskeri- og eksportnæringa har påverka kvardagslivet til folk. Eg vil absolutt tru folk flest vil vere interessert i dette, fortel Døssland.

Ein av verdas største
Han legg til at det ofte er landbruket og den trauste odelsbonden som symboliserer norsk historie.
– Men før oljeindustrien si tid, var fisk vår største eksportvare saman med trelast. Den dag i dag er Noreg blant dei fem største landa i verda når det gjeld eksport av fisk. Verket vi no skal lage kan synleggjere kor viktig kysten faktisk har vore, fortel Døssland.

Økonomisk viktig
Eksport av fisk har betydd mykje økonomisk for nordmenn og det norske samfunnet.
– Tenk på korleis fiskerinæringa har påverka industrien. Den har skapt behov for båtar, reiskap for fisking, reiskap for foredling av fisken i etterkant, kle og utstyr, for å nemne nokre enkle dømer. Dette har igjen skapt behov for arbeidskraft, forklarer Løseth. Han skal særleg sjå på korleis den norske eksporthistoria kan settast inn i eit nordatlantisk perspektiv. Med seg har dei to professorane også stipendiat Trudi Moniz. Ho skal særleg sjå på eksport av klippfisk til Portugal.

Har prega kjønnsrollene
Dei to professorane fortel også at fiske- og kystlivet har også satt sitt preg på det sosiale livet og kjønnsrollene her i Noreg.
- Vanlegvis når vi snakkar om bonden, snakkar vi om mannen. Men på kysten var det kvinnene som var bøndene. Det var kvinnene som styrte gard og hus medan mannen var ute på sjøen, forklarer dei.
Verket skal vere klart i 2014, i samband med 200-årsmarkeringa av Grunnlova.

64b4edc6c56081e8f674ba41fec16667d49d6cb4

Om prosjektet
• Norges fiskeri- og kysthistorie er eit forsking- og formidlingsprosjekt
• Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda, Universitetet i Nordland, Universitetet i Tromsø og Norges fiskarlag.
• Professor Atle Døssland ved Historisk institutt er redaktør for bind to: Ekspansjon i eksportfiskeriene. Med seg til å skrive bindet har han kollega Arnljot Løseth og Åsa Elstad frå Museum Nord

Del på