Lyser ut rekordmange stipendiatstillingar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Aldri før har Høgskulen i Volda lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet. Så har du mastergrad og kan tenke deg tre-fire år der du fordjupar deg innan fagfeltet du brenn for, bør du søke no.

Vanlegvis lyser Høgskulen i Volda (HVO) ut åtte stipendiatstillingar kvart år. I år har høgskulen i tillegg fått seks ekstra stillingar som korona-tiltak. Stillingane er knytt til alle høgskulen sine fagområde og fordelar seg slik: Lærarutdanningar (5), helse og sosialfag (4), planlegging (1), animasjon (1), kulturfag (1) og kulturmøte (1). Det er enno ikkje bestemt kva fagområde den siste stillinga skal knytast til.

For å være kvalifisert til ei stipendiatstilling må ein ha ein mastergrad, normalt med karakteren B eller betre. Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Etter avtale med avdelinga kan tilsettingsperioden vere fire år, der 25 prosent av stillinga blir nytta til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen.

 


Gode støtteordningar og utanlandsopphald

Henriette Hafsaas, forskingssjef ved HVO, håper på mange og gode søkarar. Hun står klar til å ta imot og hjelpe nye stipendiatar.

– Stipendiatar i Volda er heldige som får gode støtteordningar med rause driftsmidlar. Stipendiatane får eige kontor dei kan arbeide frå og gode moglegheiter til å samarbeide internasjonalt. Vi støtter utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden, fortel Hafsaas før ho legg til:

– Vi har også eit eige avhandlingsforum for stipendiatar der dei kan legge fram utkast til avhandlinga si og få tilbakemeldingar og innspel frå andre stipendiatar, tilsette ved høgskulen og andre fagfolk som gjestar forumet. Det er ofte ei sosial ramme rundt desse samlingane.

Søkarseminar

I vurderinga av søkarar, vert det lagt avgjerande vekt på prosjektskissa for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Høgskulen vil derfor arrangere eit søkarseminar der det blir gitt tips til korleis ein kan lage gode forskingsprosjekt. Dato for arrangementet vert kunngjort på nettsida til høgskulen rundt semesterstart i august.

Det er per i dag lyst ut tolv stillingar, to stillingar til vil bli lyst ut i løpet av året.

 

Her er stillingane:

 

Dei utlyste stillingane har søknadsfrist 15. oktober.

Del på