Lytt på Barnetimen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Historia handlar om Frans Ferdinand Muldvarp som får huset sitt rasert rett før han skal gifte seg med si kjære Doris. Frans Ferdinand har jobba dag og natt for å bli ferdig til den største dagen i sitt liv, bryllaupsdagen.

Men så skjer katastrofen! Noko skarpt, blankt og roterande skjer seg ned i jorda og øydelegg både huset og pelsen til Frans Ferdinand. Erlend og morfar får og problem. Dei ante ikkje kva dei stelte i stand då dei brukte jordfresaren på mormors ujamne plen.

Frans Ferdinand har temperamentet i orden og hjertet på rette stad. Ikkje er han redd for å ta sjansar heller. Og det hender mykje spanande før alt går bra til slutt!


traavik
Høgskulelektor Ingjerd Traavik

Lytt på NRK P2, Barnetimen for dei minste, Radioransj, kvar dag frå måndag 29.11. til 3.12 1999 kl. 9.30 eller kl. 19.00

Del på