I mål med engelsk læreverk

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Randi Lothe Flemmen har no lagt siste hand på lærebokverket A New Scoop med New Scoop 7 English Basic Workbook. Dei andre bøkene for 7. klasse kom i 2007. Lærebokserien A New Scoop (5-7) inneheld både tekstbøker, arbeidsbøker, lærarrettleiingar og CD for dei tre klassetrinna på mellomsteget. Dessutan finst det ei eiga nettside – Scoop Universe – med gratis ressursmateriell.

I tillegg til Randi Lothe Flemmen har Bjørn Sørheim frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Ion Drew frå Universitetet i Stavanger vore med å skrive A New Scoop, som er ein revisjon i høve til Kunnskapsløftet 2006.

Sommaren 2007 fylte Randi Lothe Flemmen 70 år, men det faktum at ho etter regelverket no var pensjonist, gjorde ikkje vidare inntrykk på henne:
- Eg var midt oppe i arbeidet med A New Scoop 7, så eg måtte no fullføre det, forklarar ho.

randiflemmen3
Randi Lothe Flemmen med nokre av bøkene i serien "A New Scoop 7".

Det er grunn til å tru at det ikkje berre er lærebokskrivinga som har halde henne i så mange år på høgskulen, for også dei siste åra har ho undervist og vore både sensor og rettleiar.

- Eg trivst godt i lag med studentane, og på tilbakemeldingar frå studentane merkar eg at mine kunnskapar framleis er viktige og nyttige for dei, seier Flemmen.

Allereie i 1963 byrja Randi Lothe Flemmen å undervise ved Volda lærarskule. Utover 70-talet bygde ho opp metodikkundervisninga i engelsk for lærarstudentane.
- På denne tida måtte vi undervise både på statsøvingsskulen og på lærarskulen. Det var sjølvsagt krevjande, men samstundes gav undervisninga på barnetrinnet meg verdifull erfaring som eg kunne formidle vidare til studentane, spesielt i metodikkundervisninga. 

bokhylle 
På kontoret: Utsnitt frå lærebokhylla.

Det har blitt mange lærebøker opp gjennom åra. I 1992 vart Flemmen spurt av Samlaget om ho kunne skrive eit nytt læreverk i engelsk for 1.-3. klasse.

- Sidan det var nytt med engelsk på småskuletrinnet, sette eg som krav at eg måtte få ei klasse til disposisjon slik at eg kunne prøve ut stoffet eg skreiv om. Og det fekk eg! I eit heilt år var eg saman med ei klasse på Øyra skule. Det var lærerikt, og vi hadde det veldig gøy i lag, fortel ho smilande.

- Då boka kom ut i 1993, vart det feira med pressekonferanse på skulen med bollar og brus.

I 2002 fekk Høgskulen i Volda tildelt midlar frå Noregs forskingsråd for å gjennomføre forskingsprosjektet ”Begynnaropplæring og tilpassa undervisning”. Professor Peder Haug var prosjektleiar, og han hadde med seg fem HVO-tilsette som gjennom gjennom fleire år observerte og studerte aktiviteten i 1. til 4. klasse ut frå spørsmålet: Kva skjer i klasserommet? Randi Lothe Flemmen var ein av medarbeidarane, og ho studerte spesielt korleis den første engelskundervisninga går føre seg. Resultata frå forskingsprosjektet kan ein lese meir om i boka ”Begynnaropplæring og tilpassa undervisning – kva skjer i klasserommet?” (red. Peder Haug).

På spørsmålet om ho no skal bli ein ”ekte” pensjonist, kjem det ikkje noko eintydig svar:
- Eg har no først ein artikkel som eg gjerne vil skrive, og så får vi sjå, kjem det frå den engasjerte og svært vitale førstelektorpensjonisten.

Del på