Møreforsking Volda skal evaluere Grøn Resept

Tekst: Webmaster Volda

Møreforsking Volda har skrive under ein kontrakt med Sosial- og Helsedirektoratet om evaluering av Grøn Resept.

Prosjektet strekkjer seg over to år og vil evaluere forsøksordningar med utskrivingar av ”reseptar” for fysisk aktivitet, melder Møreforsking.

- Slike ”grøne reseptar” er ein måte å kurere ulike livsstilsrelaterte sjukdommar som diabetes og høgt blodtrykk. Det er ulik organisering av desse forsøka i kommunane og evalueringa vil sjå på korleis ulike modellar for implementering av grøn resept fungerar og kva for faktorar som påverkar dette.

Prosjektet markerer eit gjennombrot for å nytte kommunikative planleggingsmodellar inn mot helsesektoren.

Les meir om Grøn Resept

Del på